Tur frå Finden til Solrenningen
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
SISTE ETAPPE: Bjørn Hugo Thomassen kjempar seg over Nesheimsfjellet, som er siste etappe på turen. PRIVAT FOTO
Publisert: 12.07.08 kl. 08.12
Skribent: Stine S. Carlsen
E-post: ssc@avisa-hordaland.no
– Heilt utruleg! seier svigermor Anny Ekse om svigersonen Bjørn Hugo Thomassen
som har sykla heile vegen frå Vannøya i Tromsø til Ekse i Eksingedalen for å delta i 75-årsdagen hennar.
Bjørn Hugo Thomassen bur på Vannøya i Tromsø saman med kona Britt Jane Ekse, som er dotter av Anny. Britt Jane synst sykkelturen var eit sprekt nyhende, og tipsa like godt «Hordaland» om saka. Thomassen visste ingenting om at kona hadde tipsa avisa, men sporty som han er, stilte han opp og fortalde om turen.
– Det heile starta som ein spøk for nokre år sidan då eg briska meg med å seia at eg skulle kjøpa meg trøsykkel og sykla til Eksingedalen frå Tromsø. Denne uttalen blei ikkje så fort gløymd, og etter kvart bestemte eg meg for å halda det eg hadde sagt, seier ein lattermild Bjørn Hugo Thomassen. Laurdag ettermiddag kom Thomassen vel fram til svigermora i Eksingedalen, og han seier at turen har vore svært krevjande fysisk for ein som berre er hobbysyklist.
– Eg kjøpte sykkelen i fjor haust, og har ikkje vore noko særleg aktiv i sykkelmiljøet før. Å byrja rett på denne turen utan særleg erfaring ville bli for hardt, så eg trena meg opp ved å sykla 200 mil på førehand, fortel han.
– Turen tok i alt 15 dagar, der eg hadde ein kviledag i Brønnøysund. Dagleg sykla eg 10 – 16 mil. Eg hadde pausar to-tre gonger for dagen for å få i meg mat, men elles var det høgt tempo, seier Thomassen. Han forklarar at bror hans var med å sykla kystriksvegen til Trondheim, og slutta turen der. Men Thomassen køyrde løpet ut og sykla hovudvegen frå Trondheim på eiga hand. – Det var mykje stygg trafikk. Noko eg tykkjer var spesielt utriveleg var når store trailerar passerte forbi meg. Dei tok lite omsyn, og eg kjende sterke dragsug, seier han.
Anny Ekse heime i Eksingedalen visste på førehand at svigersonen kom. Ho tykkjer han er tøff som vågar å sykla heilt frå Tromsø. – Det er heilt utruleg, seier ho. Anny fyller 75 år den 20. juli, og dotter hennar Britt Jane kjem med fly (ikkje sykkel) 17. juli for å vera med på feiringa. Thomassen fortel at han trefte mange andre syklistar etter vegen.

– Heilt utruleg! seier svigermor Anny Ekse om svigersonen Bjørn Hugo Thomassen som har sykla heile vegen frå Vannøya i Tromsø til Ekse i Eksingedalen for å delta i 75-årsdagen hennar.
– Dei fleste sykla strekninga Nordkapp – Lindesnes. Men medan dei syklar landet frå nord til sør, nøyer eg meg med Tromsø – Eksingedalen i første omgang, seier han.
– Eg har i alt sykla over fire fjell, Dovrefjellet, Sognefjellet, Vikafjellet og Nesheimsfjellet. Så det var mange bratte stigningar, og eg kjende mjølkesyra godt i beina, seier Thomassen.
– Då eg kom til siste etappe, Nesheimsfjellet, var eg så tappa for energi at eg måtte trilla sykkelen opp bakkane, fortel han.
– Eg kjenner det godt på kroppen enno. I tillegg til at eg er stiv og støl, var sykkelshortsen eit sant mareritt å ha på seg! Eg har gnagsår både her og der, seier han spøkefullt.
– Korleis er det med heimreisa? Tek du sykkelen fatt då òg?
– Nei, det blir ikkje aktuelt! Då tek eg fly heim att med kona, svarar han.
VOSS: Onsdag kveld har nokon tømd ein konteinar full av klede hjå Fretex. / Les saka
VOSS: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg overrekte tysdag diplom og 50.000 kroner til prisvinnarane frå Ulvund. / Les saka
VOSS: Utrykkingspolitiet stilte seg opp ved brannstasjonen i Hardangevegen i ettermiddag. På ein time hadde ti bilførarar fått gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte. / Les saka
NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka
VOSS: Litt skyer onsdag og torsdag, men oppklaring frå fredag. Og for helga ser det verkeleg bra ut, sol og fint, opplyser Knut Sætre ved Vêrvarslinga på Vestlandet. / Les saka
VOSS: Frå sist fredag og ut denne veka, kjem Statens Vegvesen til å gjennomføra ein landsomfattande kampanje for bruk av bilbelte, / Les saka
Tips oss: 4747 1883
E-post: tips@avisa-hordaland.no
Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka
Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka
23. august var det ein fin dag og sola gjekk ned i 21-tida - i ein fantastisk solnedgang over Hamlagrøfjella og vatnet. / Les saka
Dette biletet er teke frå Hjelle / Les saka