RASA UT: Slik såg det ut etter at deler av fylkesveg 569 rasa ut i Modalen. FOTO: Signy Vikane

Framleis stengd

Fylkesveg 569 i Modalen vert framleis stengd.

Publisert 09.09.2016 kl. 10.13. Oppdatert kl. 11.02.

Tidlegast tysdag eller onsdag neste veke får Statens vegvesen svar på korleis dei skal løysa oppbygginga av vegen.

Nesten 30 meter av fylkesvegen rasa ut onsdag førre veke, mellom brua ved Mo skule og Otterstadbrua.


Stillstand

Fredag var vegvesenet igjen på staden for å sjå på skadane.

- Nett no er det stillstand der. Men geoteknikarar jobbar med grunnboringane, og me ser på kva løysingar me har for å utbetra vegen, seier Bente Bergstø, byggjeleiar hjå Statens vegvesen.

Ho fortel at vegen altså vert stengd ut i neste veke.


Omkøyring

Omkøyringsalternativ for mindre bilar på Mo-sida av elva er over Otterstadbrua og inn på fylkesvegen att.

Køyretøy over 3,5 tonn kan ikkje bruka dei små bruene og må finna annan omkøyring dersom dei skal i retning Nordhordland. Vegvesenet har skilta om stenginga på Romarheim, Dalseid og Evanger.