Færre elevar

Publisert 13.08.2016 kl. 10.42.

Når skulane­ i Vaksdal startar opp torsdag neste veke, vil det vera færre elevar både i Vaksdal og i Modalen, skriv Vaksdalposten. På skulane i Vaksdal er det til saman 470 elvar, det er 17 færre enn førre skuleår. I Modalen går elevtalet ned med sju og dei har dermed 79 elevar til saman. På Stanghelle startar det heile 18 nye fyrsteklassingar, medan det ved skulane på Stamnes og i Eksingedalen ikkje er fyrste­klassingar i det heile.