Gjekk laus på vektar

Publisert 19.03.2017 kl. 11.25. Oppdatert kl. 14.00.

Ein mann i 30-åra måtte hentast av politiet då han slo seg vrang i Myrkdalen Fjellandsby laurdag kveld. Mannen hadde teke seg inn i ei leilegheit der han ikkje høyrde heime, og nekta å gå att. Dei som eigde leilegheita kontakta vektaren ved fjellandsbyen, men då vektaren kom til staden, vart han angripen av mannen. - Vektaren greidde å halda styr på han, og fekk ingen skadar. Politiet kom til staden, og mannen enda i varetekt i Bergen, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue hjå Vest politidistrikt. Det vert oppretta sak på hendinga og mannen skal ha fått eit førelegg som han har vedteke.