annonse

Bil treft av furu i Granvin

DRAMATISK
DRAMATISK: Dette furutreet trefte frontruta på ein bil ved Folkedal. Ingen skal ha vorte alvorleg skadd i ulukka. (Foto: Sigrid Seim)
KOM NED FJELLSIDA
KOM NED FJELLSIDA: Furutreet ramla ned fjellsida og trefte ein bil rett ved Folkedal. (Foto: Sigbjørn Øydvin)
STORT TRE
STORT TRE: Slik såg det ut på rasstaden måndag morgon. (Foto: Sigrid Seim)
ROTVELTE
ROTVELTE: - Det var uggent å vera rett ved raset, seier Sigbjørn Øydvin. (Foto: Sigrid Seim)

- Bilføraren har vore heldig. Dette kunne gått mykje verre, seier brannsjef Egil Holven på rasstaden ved Folkedal.

Ingvild Siglen Berger

Måndag morgon melde naudetatane at det hadde gått eit ras over vegbana på fv. 7 like ved Folkedal i Granvin.

- Det er ein bil som er treft av raset. Føraren kom seg ut og det var denne personen som melde ifrå. Det er ikkje snakk om nokon som er sakna eller alvorlege personskadar, seier vaktkommandør Torkjell Helle hjå 110-sentralen til Hordaland.

Furutre datt ned

Sentralen fekk melding om raset klokka 07.41. I 08.30-tida melder dei at det er eit furutre som har rast ned i vegen og treft frontruta på ein bil.

Personen i bilen vart frakta med ambulanse til Voss, men skal ha kome frå hendinga med lettare skadar.

Starta rydding

Klokka 08.45 var dei i gang med oppryddingsarbeidet på staden, melder Sigrid Seim, Hordaland sin journalist på staden.

Vegen vart opna att klokka 09.42 måndag morgon.

Fyrste på staden

Sigbjørn Øydvin kom til staden berre eitt minutt etter at furua hadde treft bilen. Han var på veg frå Granvinssida til Tysnes, og bilen som vart treft kom frå Kvanndalsida.

- Det var ei rotvelte som kom ned. Sjåføren fekk den på førarsida, men såpass langt ute at han var heldig. Det gjekk bra, men det var berre snakk om få centimeter lenger inn før det ikkje hadde gått like bra, seier han.

Dramatisk morgon

Det har vore ein dramatisk morgon i distriktet, då i tillegg ein lastebil køyrde rett i Hardangerfjorden utanfor Ulvik.

- Fyrst lastebilen i Ulvik, og så dette. Det var uggent å vera rett ved raset, seier han.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.