annonse

Den nye tunellen skaper støy for naboane

STØYPROBLEM
STØYPROBLEM: Naboar opp­lever sjenerande støy frå den nyopna Bjørgatunellen ved Lussand. (Foto: INGERID JORDAL)

Dei næraste naboane til Bjørgatunellen på Lussand krev at det vert sett opp støyskjerm. Tunellen har skapt meir støy enn dei venta seg.

Sigrid Seim

Tunellen har vore i drift sidan opninga 16. november. Dei næraste naboane, Gudrun Kalstad og Magne Mo, opplever at trafikkstøyen har auka kraftig no, samanlikna med då han gjekk på «gamle» Fv. 7. I brev til Statens vegvesen krev dei at det vert sett opp støyskjerm frå tunellmunninga og så langt vestover som naudsynt for å dempa støyen.

Forsterkar lyden

Tunelløpet på Lussandsida peikar direkte mot huset på eigedommen og fungerer som ein lydforsterkar ut av munninga­, skriv dei to. Spesielt er det meir støy frå tungtrafikken, lenge før køyretøy kjem ut av tunellen, og lenge etter at dei har passert munninga på veg inn. Dei opplever det som direkte sjenerande slik det er no.

Naboane peikar på at det vart utarbeidd støysonekart ved planlegginga av tunellen. For å kunna rekna ut kvar støyskjermar bør setjast opp, må det no utførast støymålingar etter gjeldande normer og reglar, meiner naboane.

Prosjektleiar Frode Lykkebø i Statens vegvesen har ikkje teke stilling til dette ynsket, men seier dei vil sjå på saka.

Har rekna på det

- Me fekk ein ny rapport med støyvurdering etter at tunellen no er bygd, om lag samtidig med dette brevet. Også den nye rapporten viser at alle bustader ligg utanfor tiltaksgrensa. Men trafikken vil høyrast, stadfester Lykkebø.

- Støy er som kjent uynskt lyd, og det er klart at det kan opplevast som støy for folk, utan at det er det i reint juridisk­ forstand.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse