annonse

Eva engasjerer seg for hus og bygd

GODE MINNE
GODE MINNE: Eva Branstveit Kjerland fekk danseopplæring i Trudvang, og hugsar at det var stor stas. No ynskjer nye ungdommar å få læra det same, registrerer ho.

Eva Branstveit Kjerland (24) vil fylla ungdomshuset Trudvang med aktvitet, fordi ho er så glad i huset og heimbygda si.

Sigrid Seim

Det siste året har ho vore leiar for Granvin ungdomslag, og dermed hatt sin del av ansvaret for det store og flotte ungdomshuset Trudvang i Granvin.

- Huset er heilt unikt, eg er så glad i det! Det er utruleg flott, og kan brukast til alt mogeleg. Me eig det, alle, seier ho oppglødd.

JOLAFEST. Forsamlingshuset frå 1931 har også denne jola vore staden for den tradisjonelle jolafesten, 5. joledag. Ifylgje tradisjonen er dette ei tilstelling som også dei heilt unge, nykonfirmerte, kan delta på.

- Me hadde bra med folk og god stemning. Musikarane likar å spela her, det er god akustikk, og dei som kjem er flinke å dansa.

Men arrangørane har eit dilemma. Ein del av dei vaksne vil gjerne også ta eit glas øl når dei er ute, noko ungdomslaget ikkje kan stå for når dei har ei så låg aldersgrense.

- Utfordringa for laget er å få til nye, kjekke og attraktive aktivitetar for dei unge, som samtidig møter dei gamle verdiane og tradisjonane. Omverda har også lover og reglar me må ta omsyn til.

Ungdomslaget ser på det som viktig å ha eit tett samarbeid med andre arrangørar i bygda, og dei gler seg over at dei som arrangørar har veldig god støtte frå politiet.

- Politiet seier at dei set stor pris på at me held oppe tilbod som 5. dagsfesten. Og dei stiller opp når me har problem, seier Eva Branstveit Kjerland.

GLAD FOR VERVET. Leiaren i laget er til dagleg fysioterapistudent i Bergen. Ho er også ringjevikar ved pleie- og omsorgsavdelinga i Granvin, når ho har fridagar.

- Eg sa fyrst nei då dei spurde meg om å verta leiar i laget. Men så er eg frykteleg glad i slikt arbeid! Og eg er glad i Granvin, og ynskjer at det skal vera liv og røre i bygda, at det skal skje sosiale, kjekke ting, smiler ho.

Dermed let ho seg overtala. Med seg i styret har ho Åse Marie Hus, Heidi Herstad, Astrid Karlstad Larsen og Harald Hatland. Laget har også eit svært aktivt og kompetent husastyre, samansett av Bjarne Gåsøy, Sjur Brekke, Inge Askeland, Kjell Medås og Knut Magne Opheimsvangen.

- Dugnadsånda og ansvarskjensla er sterk mellom dei som har vore med i laget lenge. Me unge må også verta ein del av dette, og sjå verdien.

Grunnmuren ute har vore det store vedlikehaldsprosjektet siste året. I arbeidet har det vore med deltakarar frå 20 år og oppover til 60-70-åringar. Leiaren er imponert over at dugnadsånda framleis er så sterk. Dei siste åra har heile bygget vorte måla, kjøkkenet er fornya, og festsalen er ført attende til si opphavlege prakt av Johild Mæland.

- Det store prosjektet no er å restaurera scenemåleriet vårt. Tekstilkonservatorar lappar det, etterpå skal målerikonservator gjera sitt.

Ungdomslaget samarbeider med Museumssenteret i Hordaland (MuHo) som har rette kompetansen. Arbeidet er dyrt, men heldigvis er det støtte og gåver å få, til å finansiera arbeidet. Framleis søkjer dei om meir, for å koma i hamn.

TILGANG FOR ALLE? - Det er alltid mykje å gjera på eit slikt hus. I mange år har det store temaet vore: korleis kan me ordna ein trinnfri tilkomst til huset. Kva er billegast, kva er best? Heis, rampe eller andre løysingar? Det er utruleg viktig, for dette skal vera eit hus for alle. Me skal ikkje utelukka nokon!

Medan dei leitar etter svaret på desse spørsmåla, er dei også i gang med ein gjennomgang for å få forsvarleg brannsikring av det store bygget.

Å fylla huset med aktivitetar er også ei stor oppgåve. Teatergruppa er i gang med revy som skal visast no på nyåret. Dei faste innslaga gjennom året er elles 17. maifest og jolafest, og eit par andre dansetilstellingar med gamaldans. 17. mai er ein dag der det er folk i huset frå tidleg til seint. Treskoposten skal distribuerast, folk skal ha frukost, seinare er det middagssal, dans og moro for folk i alle aldrar. Koking og oppvask døgnet rundt, ifylgje leiaren.

Eva oppmodar folk om å ta kontakt, med gode idear og ynske for kva som bør skje i laget. Det meste går, det er ikkje så vanskeleg når ein har effektive og kjekke folk rundt seg, meiner ho.

GODE MINNE. 2016 inneheld arrangement som spenner frå felekonsert med MasterClass Hardanger, Knut Hamre og Rannveig Djønne, til irsk kveld med Greenland Whalefishers. Sommarhalvåret er det som regel dugnadsarbeidet på huset som dominerer. Året rundt er det bygdefolk og andre som treng lokala til bryllaup, barnedåp eller gravferd.

Når det nærmar seg jol er laget no for alvor med på jolegateopninga. No sist samarbeidde dei med grendalag og andre om fakkeltog, tenning av jolegran, grautservering og dans for store og små.

Eva Branstveit Kjerland har sine fyrste minne frå Trudvang då ho som lita jente svinga seg på dansegolvet i bunad, under 17. maifeiringa. Den fyrste dansetilstellinga ho kunne gå på som nykonfirmert sit også godt i minnet.

- Noko av det me syntest var heilt topp, var at det var med både unge og eldre på same festen. Slik bør det vera, smiler Eva Branstveit Kjerland.

Etter å ha studert sjukepleie i utlandet i over to år, har ho no slege inn på same yrkesvegen som faren, nemleg fysioterapi. Ho treivst godt i Mexico, der ho fyrste gongen kom som utvekslingselev i 2008. Men vanskane med å få autorisasjon som sjukepleiar i Noreg med utdanning derifrå, førte til at ho avslutta opphaldet der.

HEIM ATT MED TIDA. - Eg er tilpasningsdyktig, og det er vanskeleg å vita kva framtida fører med seg. Men eg kjem nok heim att, og håpar mine born kan få veksa opp i Granvin med barndomsminne knytt til huset og bygda, slik eg har.

Men førebels har ho skule og jobb, og berre seg sjølv å ta omsyn til. Det gjer at ho kan bruka av tida si på ungdomslaget i tillegg. Det er viktig at både laget og huset er i god stand, synest ho.

- Det er viktig, for å gjera det attraktivt for folk å flytta heim att!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse