annonse

Her skal det tynnast for røyr

HER SKAL DET TYNNAST
HER SKAL DET TYNNAST: Etter eit prøvefiske som etter planen skal skje komande veke, vil det truleg neste år verta sett i sving eit tynningsfiske etter røyr i Granvinsvatnet. (Foto: Anne Bodil Stedje)
KVEN SKAL BORT?
KVEN SKAL BORT?: Røyr er ein laksefisk. Fisken finst i mange vatn, mellom andre Granvinsvatnet, Lønaatnet, Vangsvatnet og Eidfjordvatnet. Fisken har ein karakteristisk raud-oransje buk. ARKIV (Foto: Sjur Herre)

Forskarar, grunneigarar og fiskarar trur utfisking av røyr i Granvinsvatnet vil betra vilkåra for laks og sjøaure i heile Granvinvassdraget.

Karl Ystanes

Granvinsvatnet er frå fleire hald rekna som overbefolka av småvaksen røyr.

Laksefisken, som i utgangspunktet vert rekna for å vera ein god matfisk, har vore i vatnet sidan ho vart sett ut 80-talet, nærmast som eit «forvaltningseksperiment».

Det var eit godt fiske etter røyr dei fyrste åra, men etter kvart slutta fisken å vandra ut i fjorden, og slo seg like godt til i vatnet heile året. Røyra vart svært talrik og lite skatta som matfisk.

Konkurrerer ut laks og aure

Røyra konkurrerer også ut levevilkåra til ungfisken av sjøaure- og laksestamma i Granvin.

Dette har Grunneigarlaget for Granvinsvassdraget, med Lars

T. Haugen i spissen, funne ut at dei vil gjera noko med. Dei kontakta fleire partar, mellom andre Granvin herad og fylkesmannen, for å få til eit prøvefiske i fyrste omgang.

I tillegg sende dei brev til Hardanger­fjordlauget, ein samskipnad av oppdrettsselskap i Hardanger.

Napp fleire stader

Dei fekk ja frå fleire hald, og no har det kome i stand eit spleise­lag, der Hardangerfjordlauget, Lingalaks og Fylkesmannen er inne med midlar. Lokale dugnadskrefter, ved det lokale fiskarlaget må også skrivast inn prosjektet. Til no ligg kring 200.000 kroner i potten, og dei skal brukast til å finansiera eit prøvefiske og ein vitskapeleg rapport.

- Heile dette prosjektet er eit samarbeid mellom Granvin fiskarlag og grunneigarane. Me gjer dette i fellesskap, og har funne fram til eit godt samarbeid her. Det er bra med «guts» i laga for å få meir til i vassdraget. Det har vel stått noko i ro ei tid no. Difor er me veldig glade for å få finansieringa for prøvefisket på plass, seier Haugen.

Prøvefiske

Det fyrste som skjer no, er at forskarane­ i Rådgivende Bio­loger skal gjennomføra eit prøve­fiske i veke 39. Då skal dei bruka fleire garn som har ulik maskevidd. Garna skal setjast etter ein bestemt måte, og på fleire ulike stader og djup, slik at dei kan danna seg eit bilete av kor høg tettleiken av fisk er, kva slags fisk som er i vatnet og kva kondisjon han er i.

Deretter skal fisken analyserast og det skal skrivast ein rapport­ som også tek for seg kva tiltak som kan setjast i verk, fortel Haugen.

Forskar ved RB, Harald Sægrov­, kjem til å ha ansvar for prøvefisket. Han har god tru på at tynning av røyebestanden vil ha god innverknad på vilkåra for laks- og sjøaureungar i vass­draget.

- Røya konkurrer i matfatet, og kan langt på veg driva bort auren og laksen, fortel han.

Proffe fiskarar

Sægrov og RB vil gje råd til kva tiltak som kan setjast i verk, og eitt av desse er utfisking med tettmaska garn. Truleg vil sjølve utfiskinga verta utført av profesjonelle folk som RB har kontakt med i slikt arbeid.

Hardangerfjordlauget omtalar prosjektet som ei «gladmelding» i ei pressemelding.

«Sist torsdag vart Lauget kontakta av Grunneigarlaget for Granvinsvassdraget. Spørs­målet var om me er interessert i å bidra til å finansiera eit prøve­prosjekt med utfiske av røye i vassdraget. Styret i Lauget stiller­ seg positive til å bidra med 90.000 kroner. Tiltaket kan gje fleire verdifulle svar om vassdraget. Granvinsvassdraget er viktig i ein regional samanheng, og for oss er det sentralt å bidra i gode tiltak der initiativet er godt og dugnadsånda stor. Me ser fram til å få dei fyrste resultata frå prøvefisket», skriv sekretær i Hardangerfjordlauget, Even Søfteland i ei pressemelding, der han avslutningsvis gjer det klart at prosjektet vert styrt av grunneigarane i Granvin.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.