annonse

Krev legekontor i Granvin etter samanslåing

VIL HA LEGEKONTOR
VIL HA LEGEKONTOR: - For dei eldre i Granvin vert det etter vårt syn mykje verre, dersom me må til Voss for å få legehjelp og andre helsetenester, skriv Gunnar Lussand på vegen av eldrerådet i Granvin. ARKIV (Foto: Sigrid Seim)

Når Granvin og Voss vert slått saman, bør det framleis vera legekontor i Granvin. Det krev Granvin eldreråd.

Sigrid Seim

Eldrerådet gjer no ein freistnad på å få omgjort framlegget om nedlegging av legekontor og helsetenester i Granvin, slik det er lagt opp til i avtalane mellom dei to kommunane. Intensjonavtalen som vart underteikna i fjor vår, inneber at det kommunale legekontoret i den nye kommunen skal liggja på Voss.

- For dei eldre i Granvin vert det etter vårt syn mykje verre, dersom me må til Voss for å få legehjelp og andre helsetenester, skriv Gunnar Lussand på vegen av eldrerådet i eit brev til ordføraren i Granvin, Ingebjørg Winjum. Intensjonen med kommunereforma var at innbyggjarane skulle få betre tenester, minner han om.

- Me vert fleire eldre, og vert stadig eldre og eldre. Svært mange må ha transport og gjerne fylgje når ein skal koma seg til legetime, peikar eldrerådet på.

Tilsynslege uansett

Det vert mykje enklare, billegare og betre for alle at ein lege tek turen til Granvin to-tre dagar for veka, enn at sjuke eldre må transporterast til Voss. Eldrerådet minner om at sjukeheimen uansett må ha legetilsyn.

- Me vil på det sterkaste be om at dette vert høgt prioritert i samtalane med Voss, skriv Gunnar Lussand, som ynskjer lukke til i det viktige arbeidet med å hindra at dei eldste og svakaste vert taparane i samanslåingsprosessen.

- Eg skjønar at dei er urolege for dette, seier ordførar Ingebjørg Winjum om oppmodinga frå eldrerådet.

- Det er intensjonsavtalen som ligg til grunn for arbeidet vårt no. Det skal etter kvart oppnemnast arbeidsgrupper for dei ulike tenesteområda, som skal leggja til rette for samordning av tenestene. Eg vil ta dette innspelet vidare til arbeidsgruppa for helstenestene. Eg kan ikkje lova noko ut over det. Me tok opp dette i diskusjonane om avtalen, og me har måtta ta omsyn til at Voss har samla sine legetenester på Vangen.

Alternative løysingar?

- Kan det vera eit alternativ å gje Granvin ein lengre overgangsperiode med eige legekontor?

- Eg veit at dei er opptekne av legekontoret, i helse- og omsorgseininga. Det må uansett verta tilsynslege ved sjukeheimen, og det burde gå an å bruka eksisterande legekontor for å få til noko for dei eldste, heimebuande pasientane, antydar Winjum. Ifylgje intensjonsavtalen skal sjukeheimen i Granvin oppretthaldast, men ordføraren peikar på at tenestene vil verta samordna med helsetenestene på Voss.

Harmonisering av tenestetilbodet i kommunane startar så snart som mogeleg etter endeleg vedtak om samanslåing (hausten 2017), heiter det i intensjonsavtalen. Då er det Stortinget som gjer vedtak.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse