TIL REGISTRERING: Institutt for bunad og folkedrakt skal registrera så mykje som mogleg om gamle bunadsdelar frå Hardanger. Her er nasjonaldrakta i bruk under Lars P. Bergo og Brita Jordalen sitt bryllaup­ i Ulvik, mai 1954. FOTO: FINN NORDSTRØM/BILLEDBLADET NÅ

Har du gamle bunadsdelar på loftet?

Hardingar­ som har gamle bunadsdelar­ i bruk eller på lager, vert no inviterte til å få registrert desse.

Publisert 17.02.2017 kl. 09.40. Oppdatert kl. 09.55.

Ei veke i mars er medarbeidarar frå Institutt for bunad og folkedrakt til stades på Hardanger folkemuseum på Utne. I veke 11 (13.-17. mars) ynskjer dei å få registrert så mykje som mogeleg av gamle bunadsdelar frå Hardanger. Som resultat av arbeidet vil kunnskapen om dei tradisjonelle draktene i Hardanger verta utvida. Det kan gje grunnlag for forsking, men og vera til hjelp for alle som ynskjer å vidareføra bunadstradisjonane.


Foto og opplysningar

Hardanger har rike tradisjonar på dette området, og mange har slike skattar i si eige. Somme er framleis i bruk, andre er gøymde på kistebotnen. No håpar styrar ved Hardanger folke­museum Agnete Sivertsen at eigarane vil melda frå om desse, og lata dei registrera.

- Registreringane vert utført på museet på Utne. Det kan og vera aktuelt å reisa ut for å treffa dei som har mykje som skal gjennomgåast, og gjera registreringane på ein stad som høver for dei, seier Sivertsen.

Ved registreringa vil drakt­delane verta fotograferte, og opplysningar vert notert. Ofte kan det vera spennande historier knytt til plagga. For ettertida skal materialet verta tilgjengeleg på nett, men utan at personopplysningar er med.

Agnete Sivertsen håpar på god oppslutnad når registreringane vert gjort, sjølv om ho ser føre seg at somme kan vera litt avventande.

- Kanskje er folk i tvil, og lurar på om det er så viktig, om ein skal bry seg med dette. Dette er eit nyttig arbeid både for samfunnet, og for alle som er interesserte i folkedrakt-tradisjonane. Og om ein meiner plagga har vore registrerte tidlegare, vil dei opplysningane ikkje vera så lett tilgjengelege som dei ein får inn no.


Hundre år eller eldre?

Alt som har med bunad og folkedrakt i Hardangerområdet er målet for registreringane, det gjeld også sko og sylv av ein viss alder.

- Kva vert rekna som gamalt i denne samanhengen?

- Det som er frå tidleg 1900-tal og eldre vil me rekna som gamalt. Men er du i tvil, er det greitt å ta det med. Kanskje får ein hjelp med datering då, ut frå materialet og teknikkane som er brukt.

Eigarane vil også få tips om korleis slike plagg og bunadsdelar skal oppbevarast.

Agnete Sivertsen ved Hardanger folkemuseum trur dette vert eit arbeid som vil gå føre seg over fleire år - med nye veker for registrering seinare.

- Me veit at det finst veldig mykje rundt omkring. Når snøballen fyrst tek til å rulla, kjem det gjerne meir, meiner Sivertsen.

- Me satsar på at dette vert starten på eit lengre samarbeid.

Ho viser til kor omfattande arbeidet har vore i Setesdal ved tilsvarande registreringar.

- For at arbeidet skal gli glatt, er det fint om eigarane tek kontakt med museet innan 20. februar for å avtala tid for registrering, tilpassa den enkelte. Dette vert spennande, understrekar Agnete Sivertsen.