HORDALAND SKAL UT: Kvikkas forsikrar at laurdagsomdelinga held fram, trass i konkursen i Norpost onsdag. Norpost har stått for omdelinga av nesten 2000 eksemplar av Hordaland sidan november månad. ARKIVFOTO: VIDAR HERRE

Held fram laurdagsomdeling etter konkurs

Bodfirmaet Norpost, som distribuerer ein del av Hordaland sine aviser laurdagar, er konkurs. Men Kvikkas held fram med laurdagsomdelinga.

Publisert 16.03.2017 kl. 19.37. Oppdatert kl. 19.59.

Det er samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen som opplyser dette i ei pressemelding.


Departementet ba om klargjering

- Eg registrerer at Norpost har meldt oppbod til skifteretten onsdag. Samferdselsdepartementet har vore i møte med Kvikkas og blitt orientert om selskapet sine planer for å handtera situasjonen som no har oppstått. Me forventar at Kvikkas klarer å levera aviser i høve til kontrakten også i tida framover, seier Solvik-Olsen.


Nesten 2000 eksemplar av Hordaland

Laurdagsomdelinga av aviser i regi av Kvikkas starta i november i fjor. Den nye ordninga gjeld i alle delar av landet, etter at Posten slutta med omdeling laurdagar. I avisa Hordaland sitt område er det firmaet Norpost som har stått for omdelinga, som underentreprenør for Kvikkas.

I underkant av 2000 eksemplar av Hordaland vert omfatta av denne omdelinga. Dette omfattar abonnentar mellom anna på Bolstad og Evanger, Vossestrand, Bjørgum og Raundalen, Bordalen, Ulvik og Granvin.

Det er samferdselsdepartementet som har avtale med Kvikkas om laurdagsdistribusjon av aviser i område utan eigne avisbodnett. I delar av desse områda har Norpost vore underleverandør.


- Trygg på at Kvikkas har treft tiltak

Kvikkas har informert Samferdselsdepartementet om selskapet sine planar for å overhalda sine kontraktsplikter i den situasjonen som no har oppstått.

Departementet er ut frå denne utgreiinga trygg på at Kvikkas har treft tiltak som vil syta for at laurdagsdistribusjon av aviser vil halda fram i tråd med avtalen.

- Kvikkas har elles vist ei kraftig betring i leveringskvaliteten etter ein litt røff start i november 2016, melder Solvik-Olsen.