Her lagar lastebilane kaos på E16

Etter ein stor protest mot utsetjinga av ny veg Arna-Voss, gjorde yrkessjåførane eit lite stunt.

Publisert 19.03.2017 kl. 19.25. Oppdatert kl. 10.27.

Fleire hundre menneske samla seg på Øyrane torg i Arna for å demonstrera sin motstand mot at ny veg og bane Voss-Arna har vorte utsett av regjeringa.

Etter demonstrasjonen lagde ei rekkje lastebilsjåførar ein køyr sakte-aksjon mellom Arna og Trengereid, der dei køyrde i sløyfe mellom dei to stadene, midt i verste trafikkrushet heim frå hyttehelga. Til stor irritasjon for mange bilistar. Men det var yrkessjåførane godt nøgde med.

- Ein får folk engasjert. Dei reagerer, og spør seg sjølv kva som er skjedd i dag. Så får me fokus på saka, seier yrkessjåfør Stig Tore Anthun til Bergens Tidende.


Sjå video øvst i saka!