KOLLEGAER: Olav H. Hauge og Jan Erik Vold var gode diktarkollegaer.

Jan Erik Vold kjem attende til Ulvik

Jan Erik Vold var ein nær ven og diktarkollega av Olav H. Hauge, og vitja han fleire gonger på Rossvoll. No kjem han tilbake til Ulvik i høve verdas poesidag 21. mars.

Publisert 19.03.2017 kl. 15.30. Oppdatert kl. 10.26.

Han vil lesa dikt og samtala med tidlegare kulturredaktør i BT, Jan H. Landro, om eit langt liv i teneste for poesien.


Formidlar av poesien

Jan Erik Vold er både ein av dei fremste poetane i landet og ein av dei viktigaste formidlarane av det andre har skrive. Både som poet og plateartist, essayist og debattant har han med dikt og avisartiklar sett i gang ei rekkje diskusjonar om litteratur og politikk. Vold debuterte som lyrikar i 1965 med samlinga mellom speil og speil, og sidan har han vore der.

«Ja, ikkje minst har eg mykje å takka Vold for», skriv Olav H. Hauge i dagboka 18. oktober 1989, dagen då Jan Erik Vold fylte 50 år. Jan Erik Vold var i stor grad med på å løfta fram Hauge sin forfattarskap, dei møttest og brevveksla, Vold intervjua han ved fleire høve og har skrive essay om forfattarskapen hans. I 1994 samla Vold dette materialet i boka Under Hauges ord.


Heidra på verdas poesidag

Arrangementet på Syse gard er Hauge-senteret si markering av Verdas poesidag. - Jan Erik Vold er ein bauta i norsk poesi, og me er svært glade for å kunne heidra han på denne dagen, seier dagleg leiar Geir Netland i ei pressemelding.

Med ein litterær karriere som spenner over 50 år er det mykje å ta av, og mannen som har fått oppdraget med å leia samtalen med Vold er tidlegare kulturredaktør i BT, Jan H. Landro. Han har også intervjua Vold ein gong før, det var i 1989, då Vold fylte 50 år.


Diktkonkurranse

I samband med verdas poesidag har Hauge-senteret lyst ut ein diktkonkurranse med tema «vår».

- Me veit at det er mange som skriv dikt der ute, og våren er eit motiv og tema som har vore til inspirasjon for mange diktarar, seier Netland. Vinnaren vert presentert på verdas poesidag, og Hauge-senteret kan lokka med gjeve premiar.

Arrangementet finn stad på Syse gard.