STORE PINNAR: Oddbjørn Trohaug (t.v.) og Jan Arild Steinsland med gedigen strikkedille. Klarer dei å halde maska laurdag? Foto: Britt Farestveit

Klart for revy i Modalen

Strikkedilla er berre eit av mange høgaktuelle tema som revygjengen i Modalen tek med seg på scena.

Publisert 25.10.2016 kl. 21.11.

Med eigenkomponerte sketsjar og songtekstar, inviterer Modalen Revylag til to framsyningar i Bryggjeslottet laurdag. Måndag var det berre ti billettar att til den populære kveldsframsyninga, medan det framleis er fleire billettar att til revyen på ettermidddagen.

- Me bruker å selja godt over 400 billettar, og det er fleire enn innbyggjartalet i kommunen, seier Siv-Aina Gullbrå, leiar i Modalen Revylag.

REVYGJENGEN: Dei som er med i Modalen Revylag: Christina Brekkhus (t.v.), Sigmund Almelid, Jan Arild Steinsland, Kjetil Eikefet, Oddbjørn Trohaug, Signe Marie Trohaug Våge, Gro Henny Mo, May Britt Sjøholm og Siv-Aina Gullbrå. Framme: Marit Kristin Nygard Nese, Ove Eidsnes og Gørild Aas Nese. Foto: Britt Farestveit

Proff gjeng

Revygjengen har halde på i mange år, med revy anna kvart år. Dette er fjerde gongen. Og øvingane starta i haust.

- Me har med oss proffe musikarar, under leiing av Ola Andersson. Han spelar bass, og så har han med seg eit orkester med trommer, saxofon, keyboard og gitar. Voss Lyd styrer lys og lyd. Å ha proffe folk på musikk og lyd, er heilt avgjerande, meiner Gullbrå.

Tittelen på årets revy er «Tatt av pinnen». Først og fremst spelar det på temaet strikking, som har blitt svært så populært dei seinare åra.


Kvardagshumor

Det er ein lokalrevy, men ein må ikkje kjenna modalingane for å forstå det som skjer. Det meste er kvardagssituasjonar, som kven som helst kan kjenna seg att i.

- Kva er motivasjonen for å laga revy?

- Me har det så grådig gøy på øvingane. Det er kjekt å sjå korleis ting utviklar seg. Når du har ein idé, og dei rette folka spelar det, så blir det kanskje heilt annleis og mykje betre, seier Siv-Aina Gullbrå.


Meir moro

Folka i revygjengen er trygge på kvarandre, og er flinke å gje kvarandre tilbakemeldingar undervegs i øvingshausten.

- Etter at revyen er over, blir det eit lite antiklimaks. Kva skal me gjera på no? seier Gullbrå og ler. Slik er det kvar gong.

«Tatt av pinnen» er ikkje det einaste på programmet i Modalen denne helga. Det er også Oktoberfestival i regi av det lokale ølbryggjarlaget Modøl. Med ølsmaking, quiz, festmiddag og konsert.