TOÅRIG VINNAR: Karoline Simpson-Larsen vann si klasse både i fjor og forfjor. I år kjempar ho om å vinna vandrepremien til odel og eige. ARKIVFOTO: Ørjan Brattetveit

Klart for «Vestlandets Holmenkolløb»

Voss IL arrangerer det tradisjonsrike Vestlandske skistemna i helga.

Publisert 17.03.2017 kl. 18.00. Oppdatert kl. 07.33.

- Sundag er det klart for nok ei utgåve av Vestlandske skistemna, opplyser rennleiar Lars Terje Tveito i Voss IL.

Vestlandske skistemna vart arrangert for fyrste gong 12. februar 1893. Rennet gjekk som landsrenn i kombinert og hopp, og var i mange år det einaste større rennet vestafjells. Frå 1901 og med ulike mellomrom fram til 1953 vart det delt ut kongepokal i dette «Vestlandets Holmenkolløb». Årets utgåve av stemna går i Voss ski- og tursenter og går som sonerenn friteknikk for 8 til 10 år, krinsrenn friteknikk for 11 og 12 år og landsrenn duatlon for 13 år og eldre.