Vossa Jazz får eit mildt crescendo palmesundag, når Bugge Wesseltoft skaper magi ved flygelet.
Stadige gladmeldingar kjem frå Vossa Jazzkontoret. Bugge Wesseltoft sitt inntog i programmet er frydefullt både for festvalsjefen, og musikaren sjølv.
– Bugge i Vossasalen vert stort. Han har fått knallrespons på den siste plata si, og har sjølv uttrykt eit sterkt ønskje om å få koma tilbake til Vossa Jazz, seier festivalsjef Trude Storheim.
– Ja, det vert fint. Men har eg eigentleg vore borte, spør ein strålande Bugge Wesseltoft, og reknar ut at det berre er to år sidan han spela på Vossa Jazz sist.