FASCINERANDE: Skodespelaren Ane Dahl Torp og trompetaren Sjur Miljeteig skapar ein suggererande og magisk framtidsvisjon i Solaris korrigert. FOTO: DET NORSKE TEATRET

Ane Dahl Torp til Vossa Jazz

Korleis lærer ein seg å snakka eit språk som ikkje eksisterer? Spør skodespelaren Ane Dahl Torp!

Publisert 16.03.2017 kl. 21.22. Oppdatert kl. 10.31.

- Det var faktisk ikkje noko problem! Og publikum knekte koden i løpet av få minutt. Nei, det var så utruleg gøy! seier ei kjempeentuasiastisk Ane på telefon frå hovudstaden. Og det som gjer henne så entusiastisk, er ho og musikarektemannen Sjur Miljeteig si suksessframsyning Solaris korrigert på Det Norske Teatret. Ane og Sjur kjem til Vossa Jazz med konsertversjonen. Og gledde dei seg over teaterstykket, gler dei seg ikkje mindre til å syna jazzpublikummet den nye versjonen.

- Det er ei glede å få møta eit publikum som er så motivert i utgangspunktet, og som er så innstilt på å lytta både til teksten og musikken.


Suksesskonsept

Det er ikkje fyrste gongen Ane og Sjur har suksess saman på scena, og ideen til Solaris kom frå fulltreffaren dei hadde med sin spesielle sceneversjon av Haugtussa.

Dahl Torp las lyrikaren Øyvind Rimbereid sitt 36 sider lange dikt der den namnlause forteljarstemma «aig» tek oss med til eit samfunn under havflata i året 2480. Skodespelaren vart heilt fanga i dette mystiske universet og Rimbereid sitt magiske språk.


Heddaprisar

Det var ikkje vanskeleg å overtala ektemannen til å vera med på laget, og resultatet vart ei framsyning som både har hausta seksarterningkast og superlativ i fleng og som resulterte i ikkje mindre enn tre Heddaprisar i fjor.

Hedda er teateret sin norske Oscar, og Ane fekk prisen for beste kvinnelege skodespelar, Sjur fekk prisen Beste audiovisuelle design for musikken til framsyninga, og Solaris korrigert med regissør Peer Perez Øian vart Årets førestilling.


Fascinerande

Rimbereid brukar eit språk han sjølv har konstruert, ein hybrid av vestnorsk og gjerne i eldre form, tysk, engelsk, skotsk, hollandsk - kort sagt dei fleste språka rundt Nordsjøbassenget. Det merkelege og uendeleg fascinerande med dette språket er at det berre tek deg nokre sekund å knekkja koden og forstå det. Hjernen tolkar det du les eller høyrer og omformar det lynkjapt til forståeleg notidsspråk. Slik som her:

WAT vul aig bli

om du ku kreip fra

din vorld til uss?

SKEIMFULL, aig trur, ven

du kommen vid diner imago ...

- Det er lett viss du ikkje tenkjer for mykje, seier Ane.


Konsertversjon

Å flytta ei framsyning frå hovudscena på Det Norske Teatret til scena i Gamlekinoen er sjølvsagt eit stykke arbeid. Men det uroar ikkje Dahl Torp.

- Konsertversjonen me har med oss til Voss er utan hovudscenemaskineriet. Men tekstane er der framleis, og her set me kanskje endå større fokus på det musikalske. Det er spennande. Me har laga ein radioteaterversjon òg. Der er alt det visuelle borte, men det fungerer, det også! Det er veldig, veldig kjekt å jobba saman med Sjur. Me jobbar improvisatorisk begge to og påverkar kvarandre med måten med utfaldar oss på.

Det å ha ektemaken som samarbeidspartnar har også andre fordelar: Det er aldri langt til øvingslokalet, og ein treng ikkje tenkja arbeidstider og tidspunkt for når øvinga skal skje.

- Mykje av øvinga har me gjort etter at ungane har lagt seg!