Avisa Hordaland

Kultur

Arkitekt og museumsmann

Arkitekt og museumsmann

Dag Mossige var ein av dei mest profilerte arkitektane på Voss dei siste tiåra av 1900-talet, med samlingsbygget på Voss folkemuseum som eit hovudverk.

Dag Mossige var fødd i 1935. Mora var 44 år, og av di dei frykta at den relativt høge alderen hennar kunne føra til komplikasjonar, reiste dei til Bergen, der han vart fødd.

Han rekna seg som vossing heile livet, men i passet stod det altså at han var fødd i Bergen.

I godt vaksen alder skulle han fornya passet, og då søkte han Hordaland politikammer om å få endra fødestaden – han meinte det var urettvist at han måtte gå gjennom livet som bergensar berre av di mora slumpa til å vera i Bergen akkurat den dagen han vart fødd. Han fekk det som han ville, og i det nye passet var fødestaden endra til Voss.

Konkurransar

Han vaks opp på Lundhaugen, i ein heim prega av mykje leik og mange konkurransar.

Der gjaldt det å finna øvingar ein var god i, og Dag var mellom anna god i stille høgde og baklengs-springing. Han var òg ein habil turnar, og tok sin siste baklengs salto då han var 42 år. Han spelte trompet, og var med i Voss gutemusikk frå skipinga i 1948.

Privat - SPREKING Dag Mossige tok baklengs salto til han var 42 år. Dette biletet er frå om lag 1950.

SPREKING: Dag Mossige tok baklengs salto til han var 42 år. Dette biletet er frå om lag 1950.Foto: Privat

Utdanning

Etter å ha gått ved Voss Landsgymnas reiste Mossige i 1955 til Graz i Austerrike, der han tok arkitektstudiar. Han flytta attende til Noreg i 1958, gifta seg med Guri Aarhus frå Frekhaug, og fullførte arkitektstudia ved NTH i Trondheim.

Diplomoppgåva hans handla om stølar på Vossestrand, fyrst og fremst i Myrkdalen, og han reiste til og frå feltarbeidet på ein Ariel militær-motorsykkel og sekk på ryggen. Etter at han var ferdig flytta familien til Voss. Dei fekk skilt ut ei tomt frå eigedomen til foreldra hans på Lundhaugen, der dei i 1964 flytta inn i eige hus.

Arkitekt

På denne tida var Leiv Tvilde den einaste arkitekten på Voss. Det var i det heile få arkitektar på bygdene på Vestlandet – der var eitt arkitektkontor i Odda, eitt på Stord og eitt i Førde, men det var alt. Etter bombinga av Vangen i 1940 fekk familien til Leiv Tvilde husrom i Mossige-heimen.

Dei var altså kjende, og frå 1961 arbeidde Mossige på kontoret til Tvilde. I 1963 vart dei likestilte partnarar i firmaet Tvilde og Mossige.

Leiv Tvilde hadde hatt oppdrag over heile Vestlandet, i samband med atterreisinga etter verdskrigen. Mossige var dei fyrste åra ei viktig avlasting for Tvilde. Seinare var det han som stod for mykje av reisinga. Då Leiv Tvilde døydde i 1975, kom sonen Olav Tvilde for alvor inn i firmaet, og dei dreiv Tvilde og Mossige saman til midt i 1990-åra. Då skilde dei lag, og Dag Mossige dreiv vidare under namnet Mossige AS. I dag driv sonen Bård Våge Mossige firmaet vidare.

Christian Herheim - MUSIKANTEN Gutemusikken på Voss, fotografert i 1948. Dag Mossige står som nummer tre frå venstre i andre rekkje.

MUSIKANTEN: Gutemusikken på Voss, fotografert i 1948. Dag Mossige står som nummer tre frå venstre i andre rekkje.Foto: Christian Herheim

Gode røynsler

Dag Mossige hadde stor arbeidskapasitet. Han hadde ei eiga evne til å få unna det som skulle gjerast. Slik var det òg med Leiv Tvilde, og dette var grunnen til at dei i mange år fekk ei rekkje oppdrag frå Fylkeskommunen. Dette var før det kom reglar for offentlege anbodskonkurransar, slik at oppdragsgjevarar kunne gå direkte til firma dei hadde gode røynsler med.

Dei fyrste tiåra vart alt arbeid gjort for hand. Men då Sjukehuset på Voss skulle byggjast på tidleg i 1990-åra, var det eit krav frå Fylkeskommunen at alt skulle teiknast digitalt. Mossige kjøpte seg datamaskin, og i løpet av nokre månader var han ein habil brukar av digitale teikneprogram.

På Voss hadde Mossige fleire store oppdrag. Han teikna både Sosialbygget og Fredheim, som begge har funksjonelle og gode løysingar for dei som bur der. Av andre kjende hus han teikna kan nemnast Vangen skule, Husflidsskulen, Hangursrestauranten, og Rognstunet, som han teikna saman med dottera Signe.

Kontorstilling

Dag Mossige vart med åra ein viktig mann for Voss folkemuseum.

Se dette bildet i full størrelse
Kjell Herheim - MØLSTER Samlingsbygget til Voss folkemuseum på Mølster stod ferdig i 1982, og må reknast som høgdepunktet i yrkeskarrieren til Dag Mossige.

MØLSTER: Samlingsbygget til Voss folkemuseum på Mølster stod ferdig i 1982, og må reknast som høgdepunktet i yrkeskarrieren til Dag Mossige.Foto: Kjell Herheim

Han var styremedlem i to periodar, 1964–69 og 1975–83, og han sat som nestformann i heile den siste perioden. Dette var ein periode med stor aktivitet i museet, som overtok Nesheimstunet i 1970 og Oppheim gamle prestegard i 1976.

Frå 1970-åra kom det fleire stillingar ved museet, og i 1983 vart Mossige tilsett som styrar/konservator. Dette var den fyrste kontorstillinga ved museet.

Midt i 1970-åra vart det endeleg fortgang i planane om eit samlingsbygg ved museet. Mossige sat i byggjenemnda, saman med styreformann Olof Nordstrøm og fylkeskonservator Nils Georg Brekke. Han fekk oppgåva med å teikna bygget, som stod ferdig i 1982, og dei neste tre åra vart brukt på innflytting, innreiing og førebuing fram mot opninga i 1985.

Samlingsbygget

I samlingsbygget kombinerte han tradisjonelle element med moderne byggjestil, og det er eit bygg som held seg godt. Det er ikkje farga av tida det vart sett opp, og det gjer framleis inntrykk på dei som besøkjer museet.

Se dette bildet i full størrelse
Dag Mossige - HANGURSRESTAURANTEN Tvilde og Mossige hadde oppdraget med å teikna både øvre og nedre stasjon på Hangursbana. Her er ei skisse Mossige laga av Hangursrestauranten.

HANGURSRESTAURANTEN: Tvilde og Mossige hadde oppdraget med å teikna både øvre og nedre stasjon på Hangursbana. Her er ei skisse Mossige laga av Hangursrestauranten.Foto: Dag Mossige

Mossige hadde interesser som høvde på museum. I diplomoppgåva si skreiv han altså om stølar i Myrkdalen, og seinare var han med på eit omfattande kurs i lokalhistorie, i regi av Universitetet i Bergen. Der skreiv han ei oppgåve som i hovudsak handla om gamle Vangen frå 1860-åra og framover. Frå faren hadde han arva ei interesse for gamle gjenstandar, og han fekk seinare sett opp ei lemstove, ei bu og eit kvernhus i hagen heime.

Han var berre tilsett ved Voss folkemuseum i eitt år. Han hadde hatt permisjon frå arkitektkontoret, og fann ut at han treivst betre der enn som styrar på eit museum.

Heimekjær

Heimen i Lundarvegen vart eit samlingspunkt for gamle og unge. Dag Mossige var eit leikande menneske, og denne leiken inkluderte både jamgamle vener, ungane, og venene til ungane. Samstundes var jobben hans òg den viktigaste hobbyen hans, slik at han var på kontoret mange kveldar.

Dag Mossige døydde i desember 2016.

Kjelder: Hordaland. Takk til Bård Våge Mossige, Signe Mossige, Sjur Mossige og Olav Tvilde for god hjelp i arbeidet med denne artikkelen, og for utlån av foto.