Arne toneset Jeppe på Den Nationale Scene

- Det er veldig spennande, seier Arne Toivo Fjose Sandberg.

Publisert 19.03.2017 kl. 12.00. Oppdatert kl. 14.18.

Han debuterer på Den Nationale Scene (DNS) neste veke - som einaste musikar og komponist i stykket «Jeppe på Bjerget».

No er det berre nokre dagar til premiere, og Fjose Sandberg er kledd opp i gammaldags skjorte og six-pence.

- Eg vil presentera musikk som er «meg», og så skal det passa til ei så kjent førestilling. Det er kjempespennande, seier 21-åringen.

MORO: Ludvig Holberg var ein mann som kunne kunsten å syna kor latterleg det er når folk gjer seg større enn dei er, og Arne ler med.

Henta inn av sjefen sjølv

Teatersjef Agnete G. Haaland introduserer vossingen slik:

- Arne Toivo, eitt av dei store talenta på Griegakademiet!

Haaland visste at det var han ho ville ha i denne bassistrolla.

- Eg visste kor god han var, men resten av teamet måtte oppleva det, seier teatersjefen.

Ein heil gjeng frå DNS troppa då opp på Griegakademiet.

- Me sa: «Spel, Arne!» Han fekk hakeslepp, men overbeviste som alltid!

Fjose Sandberg spelar kontrabass i stykket. Han er ikkje berre musikar, men vert også synleg på scena, som ein rollefigur.

- Arne har den leikenheita som trengst på teater, i tillegg til å vera ein god musikar, seier Haaland begeistra.

JEPPE: Saman med Jeppe, skodespelar Eirik del Barco Soleglad og regissør Frede Gulbrandsen, kom han fram til korleis musikken skal høyrast ut.

På turné med Sigrid

Sidan februar har 21-åringen jobba på DNS.

- Det er veldig gøy. Og dritskummelt. Det er ei kul moglegheit å få, seier han.

Han er eigentleg student på Griegakademiet på tredje året. Men om han kjem til å halda fram, det er han ikkje heilt sikker på.

For han har nok å ta seg til. Han spelar til dømes i bandet til Sigrid Tellef Raabe, som vikarierande bassist. Sigrid har hatt stor suksess i det siste, også internasjonalt, og skal snart på turné. Då blir Fjose Sandberg med.

- Det er luksus utan like å ha jobb no, så dra på turné, seier ein nøgd Fjose Sandberg.


Musikksmoothie

«Jeppe på Bjerget» handlar om Jeppe som drikk for mykje, og som hamnar i trøbbel på grunn av det. Det er mykje å tenkja på når ein skal laga musikk til eit slikt stykke.

- Ein må tenkja dramaturgisk og på å underbyggja det skodespelarane gjer og føler. Og musikken skal ikkje ta fokus frå noko anna.

Å skildra musikken han har laga, er ikkje berre enkelt.

- Eg legg veldig mykje av meg sjølv i dette. Den blei som ein smoothie, seier han etter ein tenkjepause.

Han ler, før han fortel om ei scene der hovudpersonen Jeppe får meir og meir å drikka og til slutt fell saman på scenegolvet.

- Det er humoristisk, men det er også noko veldig trist og tragisk ved det.


Nytt i det gamle

I denne scena bryt Jeppe, spelt av Eirik del Barco Soleglad, ut i song:

- Ch-ch-ch-ch-changes! syng han.

Musikken til David Bowie ljomar ut i teaterlokalet.

Fjose Sandberg blandar inn nyare låtar dei fleste kjenner i det gamle stykket, som vart gjeve ut så tidleg som 1722.

Men han tek ikkje æra for musikken heilt åleine. Saman med regissør Frede Gulbrandsen og skodespelar del Barco Soleglad, kjem han fram til korleis musikken skal høyrast ut.

- Musikken er noko me har kokt saman, saman. Det er veldig gøy å kunna laga musikk som bryt med tida, synest Fjose Sandberg.


Vil halda fram med teater

At det vert travelt framover for musikaren og studenten, det er det ingen tvil om.

- Men eg har lyst å bli med teateret vidare. Det er ein utruleg fin arbeidsplass, seier han.

Premieren på stykket er komande torsdag 23. mars i på DNS i Bergen. 14.500 av 17.000 billettar har alt vorte rivne vekk frå salshyllene.

- Det vert spennande å sjå korleis folk tek imot musikken, seier den spente vossingen frå Store Scene.