Akryl er det sentrale mediet når Thomas Pihl frå torsdag kveld stiller ut måleri og skulptur i Voss kulturhus. – Akryl er eit ekstremt manipulerbart materiale, seier kunstnaren.
Det er ei fjør i hatten for Voss Kunstlag å få på plass den første Thomas Pihl-utstillinga etter at han deltok på biennalen i Venezia i sommar.
– Det er kjekt for meg òg det, smiler bergensaren, som har fått eit litt spesielt forhold til Voss og kunstlivet her.
I fem påfylgjande somrar var Thomas Pihl ein svært godt likt lærar på Vossaskulen for biletkunst.
– Det var enormt inspirerande og utfordrande for meg. Dette var kunstnarar som alt var på eit høgt nivå, så det handla meir om å sjå på arbeida deira med nye blikk. Det var fantastisk å sjå kunstnarar som opna opp for den kreative sjansen og tok riskar. Denne utstillinga handlar for meg om litt av det same, det å opna opp for fare, å risikera, å stilla ut arbeid utan heilt å vera sikker, seier Pihl.
Ei ekstra tilknyting til Voss har Pihl ved at kunstnaren Ingfrid Terum, opphavleg frå Voss, var den første kunstlæraren hans.