...
Fredag kveld var det Sofia Karlsson som festa grepet. Foto: Nils Kvamsdal

Ååå, Sofia!

Dei sterke damene held sitt silkemjuke jerngrep om KuriOsa-publikummet. I går kveld var det Sofia Karlsson som festa grepet.

Nils Kvamsdal E-post
Publisert 29.10.2011 kl 11:56 Oppdatert 29.10.2011 kl 18:58

Tips ein venn på e-post:

...
Fredag kveld var det Sofia Karlsson som festa grepet. Foto: Nils Kvamsdal
...
Sver Foto: Nils Kvamsdal

Sofia Karlsson gjer meir for trua på englar enn det Märtha Louise og engleskulen hennar nokon gong har gjort. Å både sjå og høyrast ut som ein engel er ein prestasjon det står respekt av.

Openberring

Av og til er det vanskeleg å finna ord som dekkjer ei kjenslemessig sterk oppleving. I den stappfulle Fraktgodsen (og den SKAL vossingane ha attende som klubblokale!) svirra ord som «fantastisk», «utruleg», «enormt» og andre fattige superlativ gjennom lufta, frå menneske med glasaktig blikk og stavrande ganglag. Dei var rett og slett råka av noko, noko som er vanskeleg å identifisera.

Kanskje er ordet openberring på sin plass? I alle fall var konserten med Siofia Karlsson og hennar strålande band ei openberring av himmelropande musikalitet og musikalsk genialitet. Samstundes som den store vesle artisten står der og utstrålar ein varme som bør gjera klimaforskarane endå meir skeptiske for den antarktiske innlandsisen si framtid.

Levande

Karlsson tok utgangspunkt i sitt ferske album «Levande», og sjeldan har vel ein albumtittel vore meir dekkande. Sofia får det beste ut av Dan Andersson, eller Finn Kalvik og Cornelis Vreeswijk for den del. Ho syng irske Kathy Jordan sine songar minst like trist som opphavskvinna sjølv og - ikkje minst: ho lagar eigne strålande songar. Det siste gjerne saman med si livlege og fargeglade syster på klaviaturet: Sofie Livebrant. Dei to andre i bandet i Fraktgodsen var Henrik Cederblom på gitarar og «klippan» Johannes Lundberg på kontrabass. Alle fire song dessutan praktfulle firstemte arrangement.

Ein sjeldan gong hender det at musikk og tekstar går opp i ei høgare eining, utan merkande skøytar og irriterande humpar. Karlsson/Livebrant musikk er slik. Det er så..... rett!

Knallharde Sver

Konferansier Terje Støve varsla eit girskifte då kvintetten Sver entra scena etter ein kort og heilt naudsynt pause. Rett nok hadde Sofia alt henta inn felespelarane Anders Hall og Olav Luksengard Mjelva som gjester i sin del av kvelden, men no hadde dei med seg Vidar Berge på gitar, Leif Ingvar Ranøien på torader og Jens Linell på perkusjon. Sistnemnde er nok tilhengjar av ekte handverk, for han hamra stort sett laus på det han kom over med berre nevane. Ei stor oppleving i opplevinga!

Sver er ein kraftpakke av danse-glede, slåttane er kanskje litt meir skakke og overveldande rytmiske enn puritanarane heilt finn godhug for, men dei om det. Det funkar som berre pokkùrn!

Mest lese no

...

Møk på avvegar

Nyhende - Heilt forferdeleg, seier bonde Arnfinn Gjerdåker, etter at ein gjødselkumme har kollapsa på garden hans.Les meir

...

Trailerar i grøfta

Trafikk VOSSESTRAND: Onsdag morgon sklei ein norskregist-rert trailer av vegen ved Tvinne. Les meir

...

- Aldri opplevd det verre

Trafikk Viking Redningsteneste har sidan kl 02 i natt jobba med å få trailerer opp att på vegen. Dei første hamna i grøfta ved byrjinga av Åsbrekkegjelet - 1 km nord for Tvinne på E16. Les meir

...

Rasfare flytter kolonne-kø

Trafikk VALLAVIK: Vegvesenet har fått varsel om rasfare, og flyttar oppstillinga for kolonna i Vallavik. Les meir


Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

TIPS OSS

Vakttelefon redaksjon: 4747 1883
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30

Redaksjonen

Redaktør: Sigmund Midttun
Epost: smi@avisa-hordaland.no
Nettansvarleg: Jan-Egil Dyvik
Epost: jed@avisa-hordaland.no

ANNONSE OG ABONNEMENT

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.