Avskjedskonserten for Gunnar Stubseid i Osasalen fredag vart ei humørfylt feststund.
Dette var kvelden då Gunnar Stubseid var sjef for siste gong på Ole Bull Akademiet. Han styrte avskjedkonserten med musikalsk overskot og stor forteljarglede, og sjarmerte det oppdressa publikumet då han leia an i Your Cheatin' Heart av Hank Williams.
Laus snipp kombinert med gode musikkprestasjonar, alltid med Stubseid i sentrum, gav eit punktum som kan hugsast med glede. Gunnar Stubseid sitt samspel med Leif Rygg var eit høgdepunkt, og riktig fint var det å oppleva gamlerektor Stubseid og nyerektor Jo Asgeir Lie i musikalsk tospann.
Hjartelege takkens ord gjekk på kryss og tvers. Styreleiar i Ole Bull Akademiet, Terje Støve, skildra Stubseid sin store og viktige innsats for institusjonen.
– Dette er ein avskjedskonsert i den forstand at du gjev deg som rektor. Men me reknar med at me kjem til å sjå deg ofte både på Voss og på Ole Bull Akademiet, no når tida er komen for spelemannen og forfattaren Gunnar.
Ei mektig forsamling folkemusikkvener stilte seg bak Støve si ektefølte takk til pensjonisten. Og Stubseid repliserte med å takka dei mange han har samarbeidd med:
– Tusen takk, det har vore kjempetriveleg å vera her på Voss!