...
GLADMELDING: Den nye idrettsmeldinga tek til orde for meir pengar direkte til lagsdrifta. Bra for aktiviten, og bra for folkehelsa, konstarerer Heidi Nedkvitne (t.v.) og Hilde Magnusson. Foto: Rolf Tepstad

Meir spelemidlar til idretten

Meir pengar til lokale lag og foreiningar. Når den nye tippenykkelen er på plass, vil idrettslaga få 12,5 prosent av overskotet i Norsk Tipping, mot 10 prosent i dag, seier Hilde Magnusson.

Rolf Tepstad E-post
Publisert 06.06.2012 kl 14:18 Oppdatert 06.06.2012 kl 14:46

Tips ein venn på e-post:

– Auking av dei såkala LAM-midlane er eitt av tiltaka som vert førslått i den nye Idrettsmeldinga, som skal presenterast seinare i juni, opplyser stortingsrepresentanten frå Voss. Det er såleis ein aldri så liten lekkasje ho serverer for lokalavisa!

39 mill ekstra

– Og i den store potten betyr dette nokså mykje pengar, understrekar Magnusson.

Ut frå dagens tippenykkel, der ein i år har drygt 1,558 milliardar kroner til fordeling, vil 12,5 prosent innebera 195 millionar.

Auken på 2,5 prosent utgjer åleine 39 millionar, pengar som dermed kjem ekstra opp i hatten til fordeling.

Den store potten vert fordelt jamt over landet, basert på folketal. Rettare sagt: talet på innbyggjarar i målgruppa 6-19 år. Idrettsråda fordeler midlane i sine resepktive kommunar, medan pengane vert overført direkte frå Norges Idrettsforbund til det einskilde laget.

Totalt for Voss kommune vil tildelinga auka frå ca 450.000 kr til drygt 560.000, ut frå noverande totalpott i Norsk Tipping.

– Gladmelding

– Verkeleg ei gladmelding, seier Heidi Nedkvitne, som er leiar for Voss Idrettsråd. – Det betyr kort og godt meir aktivitet, eit breiare tilbod for born og unge.

– Du trur ikkje at verknaden i staden blir mindre dugnad og færre kakelotteri?

– Dugnad og kakelotteri kjem me nok ikkje bort frå uansett. Pengane me fordeler i idrettsrådet er i tillegg til medlemstal også baserte på aktivitet. Dei laga som kan visa til størst aktivtet, får såleis best utteljing. Eit effektivt og rettferdig prinsipp, seier Nedkvitne, og får full støtte av Magnusson, som understrekar at nett desse midlane har stor effekt for den generelle folkehelsa.

– Anlegg neste?

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb applauderer også nyordninga. – Bra at det kjem endå meir pengar til den jamne drifta av laga, slår han fast.

Saman med grasrotandelen og momskompensasjon, er auken i direktetilskotet eit viktig bidrag til auka aktivitet. Men Ringkjøb meiner det i neste omgang trengst ei vidare justering av tippenykkelen, slik at det også kjem ein auka årleg pott til bygg og anlegg.

– I dag lyt me her på Voss venta i ca fem år på spelemidlar, og det er langt frå godt nok. Ei endring som kunne halvert ventetida, må vera eit minstemål, synest vossaordføraren.

Kulturen taper?

Men sidan spelemidlane både skal dekka idrett og kultur, vil det ikkje då vera slik at ei heving av prosenten til idrettsføremål inneber ei tilsvarande senking av potten som går til kultur?

– Nei, slik vert det ikkje, seier Hilde Magnusson.

– Temaet vart drøfta på vårt siste landsmøte, og då var konklusjonen klar. Kulturen skal over på statsbudsjettet, og vil såleis ikkje tapa nokon ting som helst, forsikrar vår lokale stortingsrepresentant, som til dagleg er å finna i kommunal- og forvaltningskomiteen.



På forsiden nå


...

Ny smell for herrelaget

Fotball Radøy/Manger – Voss 2-0. Dette var kampen der den leie trenden skulle snuast. I staden gjekk Fbk Voss på nok eit tap. Les meir

Ras seinkar togtrafikken

Lokalnytt Passasjerar på Bergensbanen må rekna med forseinkingar og innstillingar etter at eit ras stoggar togtrafikken mellom Finse og Haugastøl. Les meir

Jordras i Vikafjellsvegen

Lokalnytt Ein jordvoll har velta ut i vegen ved Holo, men trafikken kan passera. Les meir

...

Nær 190 sykla 6-vatnrunden

Sport Perfekte tilhøve for turrittet, men ei påkøyrsel la dempar på stemninga. Les meir

Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Avis-/nett redaksjon:

Redaktør Frode Myhra Gjerald
Epost til Gjerald: fg@avisa-hordaland.no
Prosjekleiar digitale media: Jan-Egil Dyvik
Epost til Dyvik:jed@avisa-hordaland.no
Digital nyhendeansvarleg: Frode Rene
Epost til Rene:fr@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.