HARDANGER: Åtte kulturstipend gjer det enklare for unge utøvarar frå Hardanger og Vosse-området.
Sparebankstiftinga Hardanger har fordelt 200.000 kr til unge utøvarar, som får 25.000 kr kvar som oppmuntring og støtte.
Kombinertløparen Sindre Ure Søtvik (19) har med sine lange hopp og store fart i sporet gått seg inn på Statoil-satsinga «Team morgendagens helter». Med 25.000 kr ekstra på kontoen vert det lettare å skaffa seg det beste av utstyr, forklarar foreldra som nyleg tok mot stipendet på hans vegne.
Linda Merethe Lavik (19) satsar vidare på musikken etter å ha fullført på musikklina ved Voss gymnas. Ho vil halda fram på Voss jazzskule for å utvikla seg vidare, og skal mellom anna komponera musikk til opningskonserten ved Ulvik poesifestival i september. Her skal ho framføra komposisjonen saman med den britiske saksofonisten Andy Sheppard, ein av dei mest etterspurde innan europeisk samtidsjazz. Stipendet vil koma til nytte når ho skal utstyra seg betre for arbeidet som komponist og musikar.
22 år gamle Amalie Skeie frå Ulvik satsar på ei karriere som TV-produsent. Etter å ha fullført bachelorgraden innan film- og tv-produksjon ved Universitetet i Bergen, er ho på veg til England for å ta mastergrad og skaffa seg internasjonal kompetanse. Døme på arbeidet hennar kan ein sjå her (http://www.youtube.com/watch?v=1vV2uasLzGA ) - dette er bacheloroppgåva ho leverte saman med ei gruppe medstudentar. Kortfilmen handlar om eit firma som tilbyr telefonsamtalar til fortida.
Blues-bandet Yngve and his Boogie legs er også mellom dei som har fått ekstra finansiering til sitt arbeid, gjennom stipendet frå sparebankstiftinga. Gjengen som har sitt opphav på Voss vart i fjor premiert på bluesfestivalen på Notodden. Premien derifrå inneber ein turne land og strand rundt, til dei beste bluesklubbane i landet. Bandet har gjort opptaka til ein cd med eigenproduserte låtar, og stipendet skal få gjera nytten når arbeidet med mastring, trykk og utgjeving skal betalast.
Frå Hardanger har også desse fått stipend: Trommeslagaren Kim Christer Hylland, friidrettsutøvaren Jonathan Varela Byrkjenes, langrennsløparen Torgeir Skare Thygesen og volleyballspelaren Ask Helland-Hansen.