...
HOVUDPERSONEN: Magnhild Dyrdal som driv gard og lagar pølser er hovudperson i filmen, saman med Ole Hjelmås.FOTO: ØYVIND SANDBERG

Folk ved fjorden: – Ein kvardagsfilm!

Dokumentarfilmen «Folk ved fjorden» har trekt sensasjonelt mange folk frå alle aldersgrupper inn i kinosalen og inn i ei svunnen tid. No har sjølv pensjonistane frå Evanger Aldersheim fått høve til å sjå filmen.

Publisert 11.07.2012 kl 12:48 Oppdatert 11.07.2012 kl 12:55

Tips ein venn på e-post:

– Dette var eit gjensyn med ting me opplevde då me var yngre, fortel pensjonistane frå aldersheimen på Evanger. Stort sett likte dei filmen veldig godt.

Eit utdøyande bondeliv

Det var torsdag sist veke at pensjonistane frå Evanger skulle få sjå Noregs mest kjende dokumentarfilm, i alle fall i augneblinken. Det dreia seg sjølvsagt om Folk ved fjorden, laga av Øyvind Sandberg.

Filmen skildrar eit bondeliv som er i ferd med å døy ut.

Hovudpersonane er Magnhild Dyrdal og Ole Hjelmås som driv kvar sin gard ved Osterfjorden. Dei er nær sagt siste generasjonen som lever på denne måten, og Øyvind Sandberg var ute heilt i siste liten med å festa dette til filmen.

Frå gard sjølve

Klokka tolv torsdag fekk pensjonistane frå Evanger sjå Noregs kanskje mest kjende dokumentarfilm om bondelivet i dag. Og her var det mykje å kjenna seg att i, skulle det visa seg, for mange som kjem frå karrige, brattlende bruk på Evanger.

Fleire av pensjonistane hadde budd og vokse opp på ein gard ikkje så altfor ulike dei me fekk sjå i «Folk ved fjorden»

– Me brukte sjølve ungdomsåra våre til å springa rundt i fjella på jakt etter sau, kan dei fortelja til Hordaland etterpå.

Å sjå film er noko pensjonistane ikkje gjer ofte. Dei fleste hugsar ikkje sist dei var på kino. Dei hadde gledd seg mykje til å få sjå filmen, og dei fleste av dei hadde vore utruleg tidleg oppe om morgonen for å koma fram i god tid.

Skildrande film.

Folk ved fjorden skildrar livet til dei to bøndene Ole Hjelmås og Magnhild Dyrdal og mora hennar. Ole og Magnhild eig kvar sin gard ved fjorden. Dei er båe to godt oppi åra, men likevel nektar dei å gje seg.

Magnhild Dyrdal dyrkar jorda og lagar pølser.

– Slikt gjorde me og då eg var liten, kviskrar ei av Evanger-pensjonistane i kinosalen når me får sjå Magnhild i arbeid. Fleire hadde vore borti liknande.

Ole Hjelmås, på den andre sida, likar ikkje å slakta dyra sine.

– Det er som å ta livet av ein ven, forklarer han. Ole slit med dårleg rygg, og vert til slutt nøydd til å gje seg, og då går nesten alle dyra hans til slaktaren utanom to tvillingkalvar eine kviga hans fekk i byrjinga av filmen.

Ein kvardagsfilm

Etterpå var pensjonistane godt nøgde med filmen. Det var likevel eit par av pensjonistane som hadde treffande kommentarar, i og med at filmen er ein dokumentar over ei svunnen tid. Det er ikkje sikkert at det som er eksotisk for oss, er det for dei som opplevde det sjølve.

– Filmen var triviell og kvardagsleg, meinte Olav og Johannes Aldal. Sistnemnde var gardbrukar i Geilen i mangfaldige år, og kjenner dette livet.

– Det var jo ein kvardagsfilm! stemmer Ingrid Langedal inn.

...
PÅ KINO ATT: Det var årevis sidan pensjonistane på Evanger aldersheim hadde vore på kino. Torsdag fekk dei sjå ein film som vekte gamle minne. På fremste rad frå venstre hjelpepleiar Aino Tyssen, Kristi Ringheim, Magnhild Tufte, Elisa Hernes, aktivitør Bjørg Sofie Otnem, Ingrid Langedal, Olaug Olde Herre, Olav Aldal og Johannes Aldal. Foto: Terje Hjartnes


På forsiden nå


...

Til Voss på skåringstokt

Fotball 1.divisjonskampen mellom Fbk Voss og Sarpsborg 08 enda 0-3. Gjestene tok regien gjennom heile 1.omgang, og vossadamene fekk ein tøff kamp i forsvar. Les meir

...

Vår og sommar - hand i hand

Biletgalleri 17. mai kom varmen og i pinsen har vår og sommar komme hand i hand. Les meir

17.mai-foto Voss

...

Alle foto: Knut Saglien

Sjå bilete

...

Flaumvatn under nyebrua

Voss Eit flaumstort Vangsvatn har teke tak i byggjeutstyr og materiale under den nye brua på Seim. Les meir

Til Grasrotandelen

Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Avis-/nett redaksjon:

Redaktør Frode Myhra Gjerald
Epost til Gjerald: fg@avisa-hordaland.no
Prosjekleiar digitale media: Jan-Egil Dyvik
Epost til Dyvik:jed@avisa-hordaland.no
Digital nyhendeansvarleg: Frode Rene
Epost til Rene:fr@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.