Fleischer’s vart forvandla til ein pulserande bluesklubb frå 50-talet fredag kveld. Yngve and his Boogie Legs har full kontroll.
– Eg håpar det kjem litt folk i kveld, seier namnefaren til bandet, Yngve Jordalen, før konserten.
Det er seint fredag kveld og det lovande vossabandet «Yngve and his Boogie Legs» skal ha releasekonsert for debutalbumet sitt i heimbygda. Det er ei spent stemning backstage i minuttane før det brakar laus i Top Spot på Fleischer’s hotell.
– Me har hatt ein releasekonsert på Crossroads Club i Oslo, men me måtte jo ha ein eksklusiv konsert her på Voss også, seier Jordalen og vedgår at det er ekstra spesielt å spela i heimbygda.
KLOKKA NÆRMAR SEG 23, og startskotet for konserten er like om hjørnet. Førebels er det tynt i rekkjene i lokalet, men bandet går likevel standhaftig på scenen.
– Hei, kjekt å sjå dekan, seier vokalist Bjørnar Ekse Brandseth før bandet smeller i gang med opningssporet på debutalbumet, «Over in a Day». Lydnivået går frå null til hundre på eit lite sekund, og publikum får seg ein real oppkvikkar der dei sit rundt borda i lokalet. Den energiske musikken riv seg fast i veggene, og det går ikkje lenge før publikum diggar til takten med både hovud, hender og føter.
MED SIN GJENNOMFØRTE 50-talsstil, sitt høge energinivå og gode samspel er bandet eit aldri så lite fyrverkeri på scena. Ein skulle nesten tru ein var hamna i ein eller annan innbarka bluesklubb i sørstatane i USA på 50-talet.
Den hoftevrikkande vokalisten Bjørnar Ekse Brandseth har ei særeigen og fyldig røyst, og saman med Anders Fretheim sine kraftige trommeslag, Yngve Jordalen sine djupe kontrabasstonar, Lars Finborud sitt inderlege munnspel og gitarspel og Morten Bessesen si kløkt på tangentane, er det ikkje vanskeleg å skjøna kvifor desse gutane er kåra til årets Union Blues Band. Her osar det av kvalitet og musikalsk intelligens.
DET ER OPENLYST at eit så godt band fortener eit større publikum. Vossabandet spelte for fulle hus på releasekonserten sin i Oslo, og det er difor synd, og nesten litt pinleg, at ikkje fleire sambygdingar har møtt opp denne kvelden. Heldigvis kjem det fleire undervegs i konserten. Også mange nyfikne hotellgjester finn vegen ned i kjellaren til Top Spot.
– Kven er desse gutane? Dette er verkeleg bra, seier ein mann med austlandsdialekt som diggar intenst til musikken med halvliteren i handa.
Store delar av konserten går med til å framføra fleire av bandet sine eigenproduserte låtar, og høgdepunkta kjem som perler på ei snor. Tempofylte «Too Good to be a Sin», «Going Down» og «What I’m Gonna Do» vert særleg tekne godt imot av publikum.
Ein del kjende bluesklassikarar står også på tapeten, mellom anna godbitar frå Santo & Johnny, Freddy King og Junior Parker. Dette er kanskje ikkje så rart sidan bandet trass alt starta som eit coverband i sin spede start i 2008.
MOT SLUTTEN av konserten har bandet ei aldri så lita overrasking på lur. Veslebror til Lars Finborud, Bendik Finbord, får koma opp på scena og fyra laus på gitaren.
– Då me som trio fekk Lars med i bandet, vart me lyfta opp fleire hakk. No er det din tur til å visa kva du er god for, seier vokalist Brandseth spøkefullt til Bendik.
Og Bendik gjev svar på tiltale. Han framfører ein imponerande gitarsolo til trampeklapp frå publikum, og konserten kulminerer i eit heidundrande ekstranummer der sveitten siler og improvisasjonane kjem på rekkje og rad. Publikum jublar. Det er vilt, vakkert og rått på same tid.
Og ein ting er i alle fall sikkert. Dei kan angra seg dei som ikkje fann vegen hit denne septemberkvelden.