annonse

Attende på åstaden for Trio de Janeiro

SUPERTRIO
SUPERTRIO: Litt gråare i hår og skjegg, men same gjengen som for 30 år sidan. Anne-Marie Gjørtz på vokal, Tom S. Lund på gitar og Sveinung Hovensjø på bass og cavaquinho. (Foto: Vill Vest)

364 dagar etter at dei heldt ein forrykande jazzklubb på Tre Brør, er Trio de Janeiro tilbake. Denne gongen i Gamlekinoen.

Nils Kvamsdal

I morgon kveld smell det i Gamlekinoen. Og smell kan vera eit bra ord når det handlar om supertrioen Trio de Janeiro, utvida og forsterka med Tor Yttredal på saksofonar og Stein Inge Brækhus på trommer. Sjølve trioen er sett saman av Anne-Marie Gjørtz på vokal og såkalla shaker-egg, grunnleggjaren Tom S. Lund på gitar og strålande Sveinung Hovensjø på bass og cavaquinho – den portugisiske forløparen til ukulelen.

Nesten 30 år etter starten, er det sjeldan at eit band har originalmannskapet, men det har Trio de Janeiro. Tom S. Lund starta bandet i 1988, og trioen fekk Spellemannsprisen for debutalbumet Brazilikum fem år seinare.

Men det er fyrst og fremst som liveband Trio de Janeiro har gjort seg populære og etterspurde. Men sin overlegne musikalitet, som tillèt dei å stå fram som tilbakelent elegante og uanfekta, har dei likevel eit trykk og eit driv som nesten ingen andre. Sjølve kallar dei stilen sin ein typisk brasiliansk aroma av rufsete sjarm og omtrentleg nøyaktigheit.

Varme og speleglede vert det i alle fall nok av når den utvida trioen går på scena i Gamlekinoen den fyrste fredagen i året.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.