annonse

Ballongferd over land og hav

VEL BLÅST
VEL BLÅST: Tingingsverkkomponist Eirik Hegdal, i samspel med vibrafonist Mattias Ståhl. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)

Sjølv i dei verste stormkasta hadde kaptein Eirik Hegdal full styring på sin musikalske ballong.

Nils Kvamsdal

Det er mogleg det var innlastinga i kurven, eller kanskje sleit dei med gassbrennaren som skulle fylla ballongen med varmluft. Hegdal sitt femmanns store mannskap var i alle fall gjennom ei hard innleiande arbeidsøkt før tingingsballongen tok av og bar både musikarar og publikum med seg over eit vekslande landskap, land og hav, i stille og storm. Det gjekk oppover og nedover, hitover og ditover, men på nesten naturstridig vis heldt ballongen seg på ein tilnærma stø kurs.

Det skal vibrafonist Mattias Ståhl, perkusjonist Jon Fält, bassist Ole Morten Vågan, trompetist Eivind Lønning og gitarist Nils Olav Johansen også ha sin store del av æra for. Til liks med lyddesigner Tore Breivik.

Struktur

Det kanskje mest imponerande med årets tingingsverk er den musikalske strukturen som ligg i botn, tvers gjennom brot og brenning. Ikkje på noko tidspunkt slepper Hegdal og hans mannskap målet av syne, same kor mykje turbulens dei kjem ut for.

Og som om ikkje det er meisterskap nok i å halda på denne strukturen, ligg der også fine melodiliner på toppane. Det er århundregamle knep frå klassisk komposisjonsteknikk å lata dei ulike instrumenta bera melodien – i kortare eller lengre sekvensar, og det er tydeleg at Hegdal kan sitt komponistfag.

Den raude tråden

Dei som leitte etter ein gjennomgåande konsekvens som hengde dei mange satsane saman til eit verk, gjekk kanskje skuffa heim. Så sa då også komponisten at det var musikarane på scena som var den raude tråden. Og det har han nok rett i, for dette mannskapet let verkeleg som eit band.

Og det måtte dei gjera gjennom dei tallause tempo- og taktskifta, gjennom satsar som hadde stått seg glimrande på teateret eller i filmen, på sirkus eller på festlege paradar. Her var tunge groovar, rasande soloar, duellar mellom to blåsarar i stjerneklassen, kort sagt: her var det morosamt. Til og med ein skeiv liten gangar var det plass til.

Og truleg roa dei seg, dei som fekk litt høg puls i starten fordi dei sakna det melodiske. For tingingsverket hadde også ei anna retning: mot det stadig meir melodiøse og til tider rett og slett nydelege. Og kvifor ikkje då runda av med ein sakte liten vals?

Vel blåst, Eirik Hegdal.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.