Tur til Yksendalsstølen
I høve Eksingedalsmarknaden var det fellestur til Øksendalsstølen. / Les saka
Publisert: 16.10.09 kl. 22.06
Skribent: Geir Geitle
E-post: gg@avisa-h.no
LITTERATUR: Tun Forlag gjev i haust ut tre bøker om jakt som fortel mykje av det jegerane treng å vita.
Kanskje noko nyttig å kosa seg med når haustregnet trommar ned i jaktterrenget?
Ole Kirkemo/Henrik Sæhle:
Jegerhåndboka
Jon Erling Skåtan & Jan
Thomassen:
Elgjakt. En praktisk innføring
Tore Andestad:
Fulltreff. Slik unngår du skadeskyting
Alle bøkene: Tun Forlag
Det er ei interessant bokpakke Tun Forlag gjev ut. Den første av dei tre, Jegerhåndboka, gjev deg svar på det meste du lurar på om jakt, og er ei av våre mest omfattande jaktbøker nokosinne. Boka har stoff om utstyr og våpen, om korleis bli ein betre jeger, og korleis finna jaktterreng.
Eit mål med boka er at ho skal setja jegerar på sporet til jakt på andre artar. Med rekordstore storviltstammer er tida moden for alle som drøymer om jakt på hjort eller elg. Det same gjeld jakt på rådyr. Mange jegerar er heller ikkje klare over kva potensiale som ligg i jakt på duer, ender og gjæser, meiner forfattarane.
Forfattarane er begge drivne og allsidige jegerar, Ole Kirkemo er kjend som mangeårig redaktør i bladet Jakt og fiske og har tidlegare gjeve ut 11 jakt- og fiskebøker.
Boka om elgjakt er eit oppslagsverk som lenge har vore etterspurt. Boka er skriven av Jon Erling Skåtan som har jakta i over 25 år, medan fotografen Jan Thomassen to gonger er kåra til årets naturfotograf.
Sist, men ikkje minst kjem boka som omhandlar alle jegerane sitt mareritt – skadeskyting. Hjorteviltjakta kan enda med skadeskyting og fortviling. Skadeskyting kan vera ei vond oppleving som kan sitja i for lang tid. I boka får du nødvendig kunnskap og tips som gjer deg til ein sikrare og tryggare skyttar og hjorteviltjeger.
– Dette er kanskje årets viktigaste jaktbok. Skadeskyting er dessverre framleis eit problem i Noreg, seier Johan Hval, forlagsredaktør for jaktbøker i Tun Forlag.
– Eg trur denne boka vil vera eit viktig og rett steg på vegen til målet om å unngå all skadeskyting i norsk hjorteviltjakt, held han fram.
Tore Andestad si bok er mellom anna basert på Norges Jeger- og Fiskerforbund si omfattande undersøking «Betre jakt». Undersøkinga omfattar 10.000 norske hjorteviltjegerar og analyser av 12.000 skot mot hjort, elg og villrein. Andestad er ein erfaren jeger, pedagog og kursinstruktør på jegerprøvekurs. Han har òg fått Norges Jeger- og Fiskerforbunds viltstellpris for 2006–2008.
BOLSTAD: I alt 7,65 millionar er sett av til Øvstedalsvegen. Før neste sommar skal nytt, fast dekke vera på plass. / Les saka
VOSS: Fire entreprenørar har gjeve tilbod på kulverten i vestre ende av Vangstunnelen. NCC er klart lågast i pris. / Les saka
DALE: Ein eller annan gong i løpet av natta har einkvan teke seg inn på Camillas kro på Dale. Det er førebels ingenting som tyder på at noko er stole. / Les saka
BERGEN: Til helga vert Bryggen i Bergen fyllt av lekker lokalmat frå fylket. / Les saka
Modalen er ikkje berre våtaste staden i landet. Måndag var bygdesenteret Mo også varmaste staden i landet, nesten. 24,0 grader synte den offisielle gradestokken på det meste. / Les saka
VOSS/HARDANGER: Utlendingar går på dørene og påstår dei sel Hardanger Bestikk. No åtvarar tradisjonsverksemda i Kinsarvik mot utanlandske seljarar som utgjev seg for å vera deira representant. / Les saka
Tips oss: 4747 1883
E-post: tips@avisa-hordaland.no
Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet
I høve Eksingedalsmarknaden var det fellestur til Øksendalsstølen. / Les saka
ULVIK (GALLERI): Gartnarskulen på Hjeltnes har frå i haust nytt namn, eit nytt studium, og som vanleg nye elevar. / Les saka
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
Dette motivet er verdskjent; Stalheim Hotel, Jordalsnuten og Nærøydalen, / Les saka
Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka