Avisa Hordaland

«Sår historie og rå erotikk»

Sår historie og rå erotikk

Publisert: 27.09.09 kl. 13.01
Skribent: Nils Kvamsdal
E-post: nk@avisa-h.no

Litteratur Greier ein å trengja gjennom jungelen av rå erotikk, finn ein faktisk ei god historie om einsemd og angst i Anne B. Ragde sin nyaste roman.

Media har så langt stort sett fokusert på dei hemningslause og detaljerte sex-skildringane i «Nattønsket ». Og det er urettferdig. For sjølv om ein stor del av dei 214 sidene truleg hadde vorte svartsladda dersom det var tale om ein film for offentleg vising, er det den underliggjande historia som er mest interessant.

Den om Adressajournalisten Ingunn på 39 år som forbrukar menn i eit drepande tempo, utan omsyn til alder og sivil status, og tilsynelatande fordi ho ynskjer det slik. Men du har ikkje lese så mange sidene før du oppdagar at det som eigentleg driv Ingunn er angsten for å verta åleine, angsten for ikkje å vera god nok, angsten for ikkje å leva eit spennande nok liv.

At ho midt oppe i denne eksistensielle angsten forvekslar fridom med evna til å kasta menn på dør straks ho sjølv ynskjer det (ho kan aldri ta sjansen på å verta dumpa, det ville vera eit uuthaldeleg nederlag), er kanskje ikkje så vanskeleg å forstå. For samstundes som ho har angst for å binda seg, har ho også angst for alt som fylgjer med eit fast og stabilt forhold. Kanskje er det ei replikkveksling i romanen som viser dette betre enn noko anna.

Det er når ei av veninnene seier: – Og at du er sammen med så mange forskjellige… Er du ikke redd for å bli alene? – Alene? Når jeg er sammen med mange? Akkurat den skjønte jeg ikke. Og her er me ved romanen sitt vendepunkt.

For det er først når denne sanninga tek til å demra for Ingunn at historia tek seg opp. Det er då ho møter ni år gamle Emma, hunden Lykke og åleinepappaen Tom…

Interaktivt

Mest lest

Mest tipsa

Siste frå våre biletgalleri

  • Sjå Goa'badne
  • Eigedom
  • Stilling ledig

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Smått og stort

Bilete til saka «Tur til Yksendalsstølen»

Tur til Yksendalsstølen

I høve Eksingedalsmarknaden var det fellestur til Øksendalsstølen. / Les saka

Bilete til saka «Nye elevar, nytt namn»

Nye elevar, nytt namn

ULVIK (GALLERI): Gartnarskulen på Hjeltnes har frå i haust nytt namn, eit nytt studium, og som vanleg nye elevar. / Les saka

Bilete til saka «Tur frå Finden til Solrenningen  »

Tur frå Finden til Solrenningen

Finden er ein liten idyll  på sørsida av Sognefjorden. / Les saka

Bilete til saka «Frå farne tider»

Frå farne tider

Dette motivet er verdskjent; Stalheim Hotel, Jordalsnuten og Nærøydalen,  / Les saka

Bilete til saka «Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset»

Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset

Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka

Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS © 2010 produkt