annonse

Cappelen, Bjella og Grytten på vårprogrammet til Hauge-senteret

TIL ULVIK
TIL ULVIK: Stein Torleif Bjella kjem i mars for å markera verdas poesidag, i Ulvik. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Både vinter og vår kan få musikalsk tonefylgje frå spennande programpostar på Hauge-senteret i Ulvik.

Sigrid Seim

Senteret har klart eit innhaldsrikt program, bygd på gode krefter frå nærområdet, saman med nokre litt meir langvegsfarande, som Stein Torleif Bjella og Frode Grytten.

Fyrst ute er konserten «Voggesongar undervegs», laurdag 27. januar. Dette er eit unikt samarbeid mellom Benedicte Maurseth, songkoret d`kor, og ni innvandrarkvinner frå Ulvik og Voss. Leiinga ved Hauge-senteret lovar at dette vert eit spesielt musikalsk møte mellom kvinner frå ulike kulturar.

«Migrasong»

Musikalske møte er også stikkord når Reidun Horvei presenterer «Migrasong» 14. februar. Då så mange nordmenn emigrerte til Amerika på 1800-talet, tok dei også songane med seg.

Reidun Horvei gjev saman med musikarkollegaer eit innblikk i norsk-amerikansk historie, i form av desse songane som uttrykkjer både heimlengt, men og draumen om det nye livet i framandt land.

Lyrikk om jordskifte

Når påsken nærmar seg i mars, er Stein Torleif Bjella på plass for å feira verdas poesidag. Songaren og låtskrivaren frå Ål er no også poet, med utgjevinga Jordsjukantologien. Diktsamlinga som kom ut i fjor haust skildrar dei to store tragediane ein kan oppleva; tap av kjæraste, og jordskifte.

– I Ulvik vert det eit nært møte med poeten Bjella. Han les eigne dikt og fortel om sitt forhold til Olav H. Hauges dikting, seier formidlar ved Hauge-senteret Ragnhild Nabben. Ho legg til at Bjella òg har med seg gitaren, til arrangementet på Syse gard.

24 dikt i bokform

Bodil Cappelen står bak ei nyutgjeving av tidlege dikt som ektemannen Olav H. Hauge skreiv. Dikta til samlinga «Seljefløyta» vart refuserte i si tid, men no kjem 24 dikt i bokform, dei fleste frå det opphavlege manuset.

LANSERER BOK
LANSERER BOK: Bodil Cappelen lanserer bok med tidlege dikt av Hauge. Lanseringa er lagt til Voss bibliotek. Foto: Sigrid Seim/Arkiv

I april kjem Bodil Cappelen og les frå Seljefløyta, og held poesikonsert saman med Knut Hamre på fele og sopranen Ranveig Lægreid. Tilskipinga er lagt til Voss bibliotek.

Eksplosiv poesi

Når nasjonaldagen vel er feira, inviterer Hauge-senteret på konsert under det årlege Sider-sleppet i Ulvik. Fredag 18. mai er lokala på Lekve gard staden, når Frode Grytten kjem til bygda, saman med Pedro Carmona-Alvarez og Annlaug Børsheim.

Ifylgje arrangørane miksar bandet «eksplosiv poesi med songar av artistar som Talking Heads, Bruce Springsteen og The Velvet Underground–Amerika med vestlandsbeat!»

Hauge-senteret skal elles som vanleg stå bak heidringa av ein markant norsk lyrikar, med Diktartavla som vert delt ut på Utne i juni. Til hausten er det elles tid for poesifestival att, med Ordskifte som festivaltema.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.