annonse

Eidfjørene og vossingane får sjå Knerten fyrst

VENTAR PÅ SNØ
VENTAR PÅ SNØ: Lillebror og Knerten har flytta til Eidfjord og speidar forgjeves etter snøen som skal koma før jol. (Foto: Paradox Film)

To veker før noregspremieren får folk i Eidfjord og på Voss sjå den nye Knerten-filmen. Naturleg nok.

Nils Kvamsdal

Ekspedisjon Knerten heiter den fjerde filmen basert på Anne Cath Vestly sine legendariske barnebøker om Lillebror og trepinne-venen Knerten. I denne filmen flytter Lilebror og familien – med Knerten på lasset – til Vestlandet, meir presist Eidfjord. Det nærmar seg jol, og Lillebror drøymer om snø i store mengder, han skal nemleg verta polfarar, må vita.

Det er berre det at i vestlandsbygda finst det ikkje snø, berre regn i bytter og spann. Men Lillebror har høyrt at det skal vera meir enn nok snø på fjellet.

Meir treng me ikkje fortelja, berre at det vert meir enn nok snø, og meir enn nok drama, både for Knerten og Lilebror.

Eidfjord og Voss

At filmen vert vist i Eidfjord i morgon – nøyaktig to veker før noregspremieren – skuldast altså at mykje av handlinga er lagt til Hardanger-bygda.

At Voss får førpremiere på laurdag, Den store kinodagen, har også ei naturleg forklaring. Vår lokale revystjerne Marit Norheim Olde, har ein viktig rolle i filmen. Og som om ikkje det er nok: i jakta på ein tidsriktig bil – sjølve Bilen i denne Knerten-filmen – kasta regissør Andreas J. Riiser og produksjonsselskapet Paradox Film augo på Erlend Styve sin staselege og blå Saab 96, modell 1967.

Snakk om familiefilm!

Tettpakka kinodag

Kulturhussjef Thor Morten Trå lokkar med meir enn 12 timar film på Den store kinodagen laurdag. Det er halv pris på alt og 18 titlar å velja mellom. Det er fleste titlar mellom barnefilmane, med Ekspedisjon Knerten – som like godt kan klassifiserast som familiefilm, Elias og Storgaps hemmelighet, Karsten og Petra lager teater, My Little Pony, Biler 3 og Ulv i Fåreklær.

I kategorien familiefilm finn me Askeladden – I Dovregubbens hall, komediane A Bad Moms Christmas og The Big Sick. Actionelskarane kan gle seg til Thor: Ragnarok, Baby Driver og American Assassin, medan Juleblod, Happy Death Day, og Rom 213 høyrer heime i grøssarkategorien. Snømannen er definert som krim, og Jordmoren og Hva vil folk si går i kategorien kvalitetsfilm.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.