annonse

Ein bauta er borte

EIN BAUTA
EIN BAUTA: Sundag kom meldinga om at Leif Rygg var død. Sjølv om kreftsjukdomen prega livet dei siste åra, gav ikkje Leif slepp på gleda over det å kunna formidla musikk slik berre han kunne gjera det. (Foto: Vidar Herre)

Sundag kom meldinga om at Leif Rygg var død. Ein vegg i det norske folkemusikkhuset er vekke.

Nils Kvamsdal

«Eg skjønar nesten ikkje korleis Voss, Vestlandet og det norske folkemusikkmiljøet skal fortsette utan deg om bord. Kvil i fred og takk for så uendeleg mykje du var for oss».

Denne meldinga la musikarkollegaen, og i si tid eleven hans på Spelemann- og kvedarskulen, Sigrid Moldestad, ut på fjesboka sundag kveld. Og ho fekk raskt fylgje av andre av Leif sine tallause vener. Per Anders Buen Garnås skreiv det slik: «Eg skreiv til honom på eit jolekort den tida eg gjekk på Spelemannsskulen, kullet etter deg, at han var eit heilt studie i seg sjølv. Og det meiner eg den dag i dag. Tenk så heldige me var som fekk gå det den tida han var så involvert i det. Heilt ubetaleleg».

Tidleg krøkt

Leif Rygg levde opp til ordtaket om at ein skal tidleg krøkjast som god krok skal bli. Med læremeistrar som Lars Skjervheim, Sigbjørn Bernhoft Osa og Anders Kjerland, fekk Leif felespelet i blodet alt frå han var åtte-ni år gammal. Og med slike lærarar, fekk han ikkje berre inn spelet, men òg alle dei gode spelemannssogene, anekdotane og stubbane som han rundhanda og raust strødde rundt seg der spelemenn og interesserte tilhøyrarar var samla. Tallause gonger har eg sjølv fått oppleva Leif sin lune forteljarmåte, anten det var på tomannshand eller som publikum på konsertar eller kappleikar.

Formidling var noko Leif tok på djupaste alvor, anten han var spelemann eller forteljar. Og ofte låg det eit strok av alvor og ettertanke under den muntre stubben. Slik også spelet til Leif ofte hadde ein lyrisk eller vemodig undertone.

Landmålaren

Leif Rygg vaks opp i ei tid der det å vera musikar knapt var å rekna som arbeid. I alle fall var det slik ute på bygdene. Spelemannen var ikkje akkurat å rekna som nokon arbeidskar. Det hjelpte heller ikkje på at Leif si ungdomstid fall saman med at statusen til den norske folkemusikken var på eit lågmål.

Leif tok utdanning som landmålingsingeniør, med eksamen frå Stend jordskifteskule i 1967. Dei fyrste åra budde han og kona Audhild på Ål, der Leif jobba som landmålar. Men i 1972 flytta ekteparet heim att til Voss, Leif som landmålar i Voss kommune, Audhild som lærar. Kommunen vart Leif sin arbeidsplass heilt til han gjekk av i 1992. Fyrst då, i ein alder av 52, vart han spelemann på heiltid. Saman med Knut Hamre, Reidun Horvei og Einar Mjølsnes, vart Leif tilsett som fylkesmusikar i Hordaland.

Kappleikaren

Kor mange kappleikar Leif Rygg deltok på, er det vel i dag berre kona Audhild som kanskje kan finna ut av. Mange var det i alle fall. Hordakappleik, Vestlandskappleik, Landskappleik – Leif var der. Det same galdt stemne, festivalar og mønstringar av ulikt slag. Landskappleiken i hardingfele klasse A vann han fyrste gongen på Lillehammer i 1977. Tre år seinare gjekk han til topps i Kristiansand. Det skulle endå verta tre Landskappleik-sigrar til: i Rauland 1994, Vågå 1996 og på Oppdal i 1999.

Året før den siste sigeren på Landskappleiken vart han utnemnd til æresmedlem i Landslaget for spelemenn. I 2010 fekk Rygg Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff) sin pris. Ein pris som har vorte delt ut årleg sidan 1993, og som går til ein person som har gjort ein ekstraordinær innsats for folkemusikk og/eller folkedans. Leif Rygg har så langt frå vore nokon solospelar. Hans årelange engasjement for og med Voss spelemannslag har vore av heilt uvurderleg verdi, ikkje minst med tanke på rekrutteringsarbeid og opplæring av nye felespelarar.

Spelemannsskulen

Då Ole Bull Akademiet i 1996 starta opp eit bachelor-studium for spelemenn og kvedarar, saman med Griegakademiet, vart Leif Rygg ansvarleg for spelemannsutdanninga. Det ansvaret hadde han fram til 2003.

LAGT NED FELA
LAGT NED FELA: Leif Rygg har vore ein berebjelke i det norske folkemusikkmiljøet i eit par mannsaldrar. Heime i Båtskottræet hadde han si eiga spelemannsstove, og mange er dei slåttane og sannsogene som har lydd mellom tømraveggene der. No har Leif lagt ned fela for siste gong. Foto: Vidar Herre

I mange år kombinerte Leif arbeidet som læremeister med det å vera utøvande på toppnivå. Han var etterspurd i så vel innland som utland og var stadig på farten.

Det er nok ikkje feil å seia at Leif i yngre år heldt tradisjonen høgt og ikkje alltid såg med like blide augo på uttrykk der stilartar vart blanda og folkemusikken kanskje mest spelte rolla som eksotisk krydder for både rocke- og jazzmusikarar. Men i seinare år var spelemannen frå Båtskottræet i Skulestadmo langt meir open for impulsar utanfrå, og han saug til seg inntrykk og påverknader frå kulturar som kunne liggja langt frå den norske feletradisjonen.

Innspelingar

I 1980 gjorde Leif Rygg si fyrste plateinnspeling. Det var Nøringen, som han spelte inn saman med Knut Hamre. I -85 gav han ut På spelarhaugen, der han hadde sonen Steinar med på hardingfele. Dette var også den fyrste innspelinga på Rygg sitt eige plateselskap og forlag; Spelarhaugen Folkemusikk.

Seinare har det vorte fleire utgjevingar, mellom andre saman med vener og kollegaer som Knut Buen, Kåre Nordstoga, Berit Opheim, Einar Mjølsnes, Håkon Høgemo med fleire. Fyrste soloinnspelinga, Lengt, kom i 1995. Dei to siste albuma kom i fjor. Fyrst gav Leif ut solo-CD-en Vossaspel, og seinare på året kom NRK ut med ei samling kappleiksopptak heilt attende til femtitalet.

Aktiv til det siste

Sjølv om kreftsjukdomen prega livet dei siste åra, gav ikkje Leif slepp på gleda over det å kunna formidla musikk slik berre han kunne gjera det. Namnet hans dukka stadig opp der folkemusikk skulle framførast, og Leif hadde gneisten heilt inn i det siste. Siste offentlege konserten hadde han saman med Einar Økland på Voss bibliotek berre nokre veker før jol. For dei som ikkje kjende han, framstod Leif’en som den gode, gamle.

Me lyser fred over Leif Rygg sitt minne.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.