annonse

Feira med jamaldringen

TO JAMALDRINGAR
TO JAMALDRINGAR: Bodil Brattebø og Vossa Jazz høyrer saman, også fordi dei er av same årgang. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)

Kvart år kan Bodil Brattebø feira fødselsdag på Vossa Jazz. Ho og festivalen er like gamle.

Nils Kvamsdal

Tidlegare i mars runda Voss sentrum sin nye styreleiar 45 år, og i helga kunne ho feira dagen – på den 45. festivalen.

– Eg trur det var då eg fylte 30 at det liksom sa klikk, og eg forstod at eg og festivalen var jamaldringar, seier Bodil.

Bodil meiner sjølv ho har fått musikken inn med morsmjølka. Faren – tømrarmeister Johannes Brattebø – er ein av dei du treffer oftast ute på konsertar.

I alle fall når det handlar om blues, roots, country, jazz eller andre former for rytmisk musikk.

– Jazzen og Vossa Jazz høyrer liksom med kvart år, seier Bodil, og kallar seg altetande når det gjeld musikk.

Då me treffer på henne i det laurdagsnatta går mot slutten, er ho ikkje villig til å utropa eitt spesielt høgdepunkt.

– Alt, eigentleg! er svaret.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.