annonse

Festkveld i Gamlekinoen

BRILJERTE
BRILJERTE: Jan Erik Vold passa perfekt til Live Maria Roggen, Knut Reiersrud og Come Shine sine elegante tolkingar. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)

Sofistikert og elegant, rått og fandenivoldsk. Come Shine, Knut Reiersrud og Jan Erik Vold leverte varene.

Nils Kvamsdal

Den politiske kommentaren gjorde sitt inntog i Gamlekinoen laurdag kveld. Og han gjorde det med brask og bram – på Come Shine sin vedunderlege konsert – og med norsk lyrikk sin grand old man Jan Erik Vold i fri dressur.

Trampeklappen dundra i salen etter at Vold, i poetisk form, hadde gjort det klart at å senda ei sju år gammal jente som vart fødd på Stord og aldri hadde vore utom landegrensene «heim att», ikkje var retur – men deportasjon. Og at regjeringa med ei slik handling bryt norsk lov. Den spontane applausen kom då han, med fullt namn, adresserte diktet til vår nyss avgåtte justisminister.

Grensesprengjande

Come Shine er utan tvil eitt av landet sine tøffaste band, uansett sjanger. Når konserten i tillegg elegant og uanfekta vandrar mellom sjangrar, frå jazzsvisker til country, frå musikalar til blues, frå John Coltrane til Billie Holiday, der den eine perla avløyser den andre, vert det eineståande.

Når ein så, på toppen av kransekaka får servert to fantastiske og ultrasakte versjonar Otis Redding sin Dock of the Bay og Ben E. King sin Stand by Me, var det nok fleire enn underteikna som stønna og sukka av velvære. Gamlekinoen var overfylt, og det vart sagt at det stod minst hundre att utanfor, som ikkje kom inn.

Gudfaren

Det må vera ein fryd for eit kvart band å få med seg ein musikar som Knut Reiersrud. Men korleis introduserer ein så denne Gudfar-liknande supergitaristen med sin raude hatt og rosa sko? Jau, på det mest utsøkt elegante vis: Ved å ynskja han velkomen på scena med Gershwin sin The Man I Love, tett fylgd av Can’t Help Loving Dat Man av Kern/Hammerstein frå musikalen Showboat – for så – finurleg nok – lata han spela seg inn i Johhny Cash sin The Man Comes Around. Snakk om understatement!

For Come Shine var det òg litt spesielt å vera på Voss og Vossa Jazz.

– Det var her me hadde vår fyrste «skikkelege» konsert, for 19 år sidan, sa Live Maria Roggen, før bandet avslutta med sin eigen kjenningsmelodi – og opphavet til bandnamnet: Come Rain Or Come Shine.

Vold-eleg

Ikkje før var Reiersrud på plass, før Gudfar nummer to entra scena. Diktaren Jan Erik Vold er ei oppleving og ei openberring, men artisten Vold står ikkje det minste tilbake. Mannen, som meir enn nokon annan lyrikar har opptredd saman med jazzmusikarar dei siste 50 åra, har sjølv timing som ein jazzmusikar. Og med usvikeleg sans for språklege finessar og overraskande observasjonar, formidla han sine lyriske perler – til sterk applaus.

Refsaren Vold og skeiseentusiasten Vold er to framtredande sider ved poeten.

– Vi som deltok i Amsterdam, som publikummere, på utendørs skøyteløp, har fått blod på tann! utbasunerte poeten før han las dikta Broekman og I mål – godbitar for oss skeiseelskarar.

Alt då han opna festivalen fredag kveld, refsa Vold eit samla jazz-Noreg for ikkje å ha minnast og hylla den nyss avdøde jazzlegenda Egil Kapstad. Mannen som skreiv det aller fyrste tingingsverket til Vossa Jazz i 1983. Han las då eit dikt som han hadde framført i gravferda. Det same diktet las han òg på laurdag. Det sluttar slik: – Og diktet skal hete Svarttrosten – fuglenes svar på Egil Kapstad.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.