annonse

Finse blir Hoth for ei helg

STJERNEKRIG
STJERNEKRIG: Even Ellingsen og Henrik Holmedal, kledde som stjernekrigarar på Star Wars-rommet på Finse 1222, i fjor sommar då Sommartoget vitja staden. I helga er det klart for Star Wars-helg på Finse. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)
STORFIN VITJING
STORFIN VITJING: Darth Vader på perrongen er eit uvanleg syn. Men ikkje i helga som kjem. (Foto: Andreas Frølich)
STAR WARS
STAR WARS: Finse var kulisse som planeten Hoth i «Imperiet slår tilbake», 1979. (Foto: Arkiv)

I helga kan du oppleva stjernekrig på nært hald. Og den kjende «art directoren» Alan Tomkins.

Siri Flatlandsmo

For nesten førti år sidan, i 1979, vart filmen «Star Wars Episode V: Imperiet slår tilbake» spelt inn. Då vart Finse brukt som innspelingsstad for planeten Hoth, opprørsalliansen sin hemmelege base.

Den komande helga arrangerer Finse 1222 og Visit Hoth ein samkome for Star Wars-fans, for andre året på rad.

Aktivitetar for entusiastar

På Finse kan deltakarar få sjå innspelingsstaden, men ikkje berre det: Ein føredragshaldar frå Lucas Film kjem, og det vert eit intervjupanel med norsk «crew» frå 1979. Det vert òg fotoutstillingar til filmsett og fotoutstillingar.

I år kan fans òg møta ein som var med og laga filmen på Finse i 1979, nemleg britiske Alan Tomkins, som var art director på «Star Wars Episode V: Imperiet slår tilbake». For arbeidet med denne filmen vart han nominert til ein Academy Award i kategorien Best Art Director.

Fleire figurar

Han har òg vore med å laga andre filmar, som «Saving Private Ryan», «Casino Royale,» «Batman Begins», med fleire.

I tillegg kjem figurar frå Star Wars-universet til å vandra rundt på Finse denne helga. Desse er frå «501 Nordic Garrison», den skandinaviske armen av «501st Legion».

Dei vil vera til stades i sine detaljerte kostyme, for ei endå meir ektefølt oppleving for Star Wars-entusiastar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.