annonse

Folkemusikalsk høgdepunkt

REIN MAGI
REIN MAGI: Samarbeidet mellom Tore Brunborg og Berit Opheim er skapt i himmelen. Konserten i Gamlekinoen var rein magi. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)

Vakkert, lyrisk og praktfullt. Hildo innfridde vonene og meir til.

Nils Kvamsdal

Viss ikkje samarbeidet mellom Tore Brunborg og Berit Opheim held fram etter konsertane på Vossa Jazz og på Riksscenen i hovudstaden, er det både synd og skam – og eit stort tap for heile kultur-Noreg. Urframføringa av prosjektet Hildo i Gamlekinoen laurdag vart ei ut av kroppen-konsertoppleving. Så sanseleg vakkert, så gjennomarbeidd på alle plan, og så utruleg dyktig gjennomført av fem av våre største musikarar.

For Tore Brunborg og Berit ­Opheim var ikkje åleine på scena. Kontrabassist Steinar Raknes, perkusjonist Kåre Opheim og ­gitarist og langeleikspelar Stein Urheim ytte sin skjerv og vel så det. Dette er musikarar som ikkje berre gjer jobben, men som er i stand til å lyfta ein kvar konsert frå stor til magisk.

Av dei største

Det er verd å merka seg at på ein festival med ei rad norske og internasjonale stjernemusikarar, er det to av Voss sine eigne – tre med Kåre Opheim – som leverer eitt av dei desiderte musikalske høgdepunkta. Ikkje uventa, når ein veit kva musikalske kvalitetar Tore Brunborg og Berit Opheim innehar. Det har vore skrive spaltemeter i norsk og internasjonal presse om Brunborg sitt saksofonspel.

Han har ein tone som ingen andre. Som ein laserstråle, skjer han seg gjennom mørkeret utanfor scenerommet, men likevel så varm og var at det til tider er vanskeleg å halda tårene attende. Og sjølv om det vart sagt før konserten at alle musikarane hadde medverka til arrangementa, er det liten tvil om at Brunborg også her synte si klo og sin meisterskap i orkestrering.

Kanskje er det han og Raknes som har bidrege aller mest her.

Også om Berit Opheim er det vanskeleg å finna nye superlativ. Men det skal i alle fall seiast at ho i Hildo har plukka fram songar som let henne syna fram ei anna side av stemma. Berit er langt meir enn ein tradisjonell kvedar, ho har ein teknikk og ein stemmekontroll som seier at ho med stor suksess kan gå inn i andre sjangrar enn dei reint folkemusikalske. Noko ho synte til fulle i den vesle songsyklusen rundt segna om kyrkjeklokka Hildo.

Folketonar

At dette prosjektet ber namnet Hildo er sjølvsagt ikkje tilfeldig. Berit og Tore var frå starten av samde om at det var dei lokale folketonane, stort sett frå Voss, Hardanger og Sogn, som skulle danna fundamentet. Men prosjektet syner til fulle den store breidda som ligg i dette materialet.

Frå starten med Vetle fuglen og til avslutninga med den nydelege kveldssongen frå Flå i Hallingdal, fekk me både slåttestev, Dan vetla rjupo pao Folgafodne av Geitt Tveitt, mellomalderballadar, stev, skjemteviser og eit instrumental-mellomspel der både saksofonisten Brunborg og perkusjonisten Kåre Opheim fekk utfalda seg.

Og sjølvsagt var Da e so fagùrt i Finnesloftet – i ein versjon etter Ingebjørg Lie og Kristi Mørkve, med.

Langvarig arbeid

I fleire år har Berit og Tore snakka om å gjera noko saman, men som travle frilansmusikarar, er det ikkje lett å finna rom til slikt. Det var fyrst då Riksscene-sjefen Helge Skansen for to år sidan gav Tore i oppdrag å gjera noko saman med Berit, at høvet baud seg. Urframføringa laurdag var resultatet av eit samarbeid mellom Riksscenen og Vossa Jazz.

Det er ved slike høve Voss sin store festival syner ein av sine viktigaste sider: viljen og evna til å heile tida skapa nytt, på eit svært høgt nivå.

Det er ikkje tvil om at Hildo har eit svært stort potensial med tanke på albumutgjeving, men ei innspeling kan aldri formidla intensiteten og formidlinga i sceneversjonen. Derfor er det heilt naudsynt at Hildo får leva og levera på eit utal scener innan- og utanlands. Og at mannskapet bak held fram arbeidet med å bera fram vår fantastiske musikkarv.

Karakter: 5 av 5

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.