annonse

Full sal for Bratland

RETT FRÅ SJELA
RETT FRÅ SJELA: Ingebjørg Bratland byr på seg sjølv i tekstane sine, og publikum i Vossasalen tok mot med opne armar. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)

Ingebjørg Bratland samla stappfull Vossasal då ho runda av 2018-festivalen sundag kveld.

Nils Kvamsdal

Mange tilreisande festivalgjester har forlate bygda før den siste konserten, derfor er det ofte fyrst og fremst eit kortreist publikum på avslutningskonserten. Slik var det nok også sundag kveld.

Ingebjørg Bratland har hatt eit stort og trufast publikum heilt sidan ho slo gjennom med sine folkemusikkinspirerte songar – på Vinjedialekt. Ingebjørg har dei seinare åra gått i ein litt meir rocka pop-retning, men underteikna er framleis mest glad i den folkemusikkinspirerte Ingebjørg.

Og sjølvsagt fekk publikum det dei kom for, og meir til. Bratland Band, fire stramme karar i dress og slips, skapar eit nydeleg musikalsk univers, og Bratland porsjonerte ut godbitar som Bror, Ljos, På avstand. Hysj, hysj, hysj og Fordi eg elskar deg – gjerne med små anekdotar knytte til tekstane. Og rett skal vera rett: To av Bratland sine aller beste songar er Bob Dylan-klassikaren To Make You Feel My Love – som i Bjarte Hjelmeland si nydelege nynorsk-attdikting heiter Fordi eg elskar deg – og Leonard Cohen sin Song of Bernadette, som hjå Bratland heiter Songen om Bernadette.

Svært mange av tekstane til Bratland handlar og sorg og sakn, om tapt kjærleik og brotne forhold. På sundag kunne det verka som om desse tekstane nesten kom for nær på artisten, og at ho måtte ta seg saman for å stå distansen. Men profesjonell som ho er, greidde ho det – med glans.

Karakter: 4 av 5

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.