annonse

Fyrste etappe av Vossaboka i mål

GODT NØGDE
GODT NØGDE: Redaktør Åsmund Ohnstad (t.h.) og Eirik Helleve i Voss Bygdeboknemnd er godt nøgde med band I av Vossaboka. Likevel er dei spente på mottakinga framfor lanseringa på laurdag. (Foto: Nils Kvamsdal)

Etter to år med hardt og intenst arbeid, er fyrste band av Vossaboka endeleg klart. Eit storverk er i god gjenge.

Nils Kvamsdal

– Leiar Audhild Rygg skal ha ein stor del av æra for at me er der me er i dag, seier Eirik Helleve – medlem av Voss bygdeboknemnd.

Etter at tidlegare freistnader på å gje ut gards- og ættesoge for det som fram til 1963 var Voss herad hadde stranda, av ymse grunnar, sette den nyvalde nemndleiaren frå Båtskottræet foten ned og slo fast at denne oppgåva skulle og måtte gjennomførast. Andre alternativ fanst ikkje. Og no kan både Rygg og dei andre i nemnda: Anita Jordalen, Eirik Helleve, Gunnar Hemre Ringhgeim, Trygve Dugstad og varamann Knut Farestveit, klappa kvarandre på ryggen med vel fullført fyrsteetappe. I dag er det ingen som veit kor mange etappar det vert, men truleg tel me både seks og åtte band før oppdraget er fullført.

Intenst

Voss bygdeboknemnd henta inn Åsmund Ohnstad som redaktør for Bygdeboka – i fyrste omgang for tre år. I dei to åra som har gått sidan starten, har han jobba fulltid med band 1, Gards- og ættesoge for Kolle – Raudstad. For kjennarar talar me om gardsnumra frå 1 til 41.

– Min jobb har i stor grad vore å skriva inn og bearbeida det andre har levert inn til meg. Me har brukt Vossaboki til Lars Kindem som ei god ramme for arbeidet. På 70-talet gjorde bygdeboknemnda ein freistnad på å revidera Kindem, og Roald Lyngvær gjorde ein stor jobb i den samanhengen. Arbeidet vart ikkje fullført, men eg har kunna nyta godt av Lyngvær sitt arbeid, fortel Ohnstad.

Det seier seg sjølv at det er nokså intenst og krevjande å sitja konsentrert i time etter time når stort sett alt arbeidet handlar om namn og årstal. For Ohnstad har det derfor vore heilt naudsynt å bryta av med korte pausar og få litt brot i arbeidsdagen.

Val

Bygdeboknemnda har stort sett hatt møte annakvar månad – oftare i starten – gjennom dei to siste åra. Innleiingsvis la dei ein del føringar saman med Ohnstad. Nemnda ynskte å laga ei gardssoge som gjekk heilt fram til vår tid, det vil seia at alt etter 1930-åra har vore nybrotsarbeid. Gardssogedelen i dei nye banda startar midt på 30-talet.

– Kindem sine bøker er ikkje lenger for sal, men dei ligg tilgjengelege på nettet, så folk kan gå inn der om dei ynskjer, seier Helleve.

FØR E16
FØR E16: Vassenden bruk 1, slik det såg ut før E16 skar seg gjennom landskapet. Biletet er eitt av dei tallausa flyfotoa til Fjellanger/Widerøe frå 1963. Foto: Voss Folkemuseum/Fjellander-Widerø

Kindem knytte i stor grad ættelistene opp mot dei som eigde gardane, dermed var det ein god del namn som fall ut. Også dette ynskte bygdebokbemnda å bøta på. Ættelistene vert no førte så langt fram mot vår tid som råd er. Men for dei siste åra inn mot notida, har ikkje bygdboknemnda hatt tilgang på offentleg materiale. Derfor har nemnda og redaktør Ohnstad vore heilt avhengige av at vossingane har sendt inn oppdaterte opplysningar.

Ressursar

Ohnstad har hatt god hjelp av ressursane som finst mellom medlemene i bygdeboknemnda og i til dømes Voss ættesogelag.

– Gunnar Hemre Ringheim er den store eksperten. Han har samla og ordna slektsopplysningar og opplysningar om gardar og gardsbruk sidan han gjekk på gymmen, og han sit på store mengder kunnskap og informasjon. Vidare har me hatt stor glede av arbeidet Liv og Johannes Ystaas har gjort. På 1980-talet gjekk dei gjennom kyrkjebøkene for Voss prestegjeld frå kring 1710 og framover, med avskrifter av døypte, konfirmerte, vigde, inn- og utflytte, og døde. Frå rundt 1800 til 1910 tok dei slike avskrifter for Vangen sokn. Alt dette materialet er lagt inn på data, med alfabetiske utskrifter. Alt dette materialet har me òg kunna nytta oss av.

Mange kjelder

Ohnstad har sendt manuskriptet sitt til Voss ættesogelag og medlemer der, med Liv Ystaas, Jan Egil Mandelid og Gunnar Gjerme i spissen, har gjort eit stort arbeid med å kvalitetssikra opplysningane.

NYABRUI
NYABRUI: På dette biletet, teke ein gong etter 1956, køyrer Johannes Apelthun traktor over Nyabrui på Veka, med kone og ungar bakpå. Foto: Lånt ut av Svein Apelthun

Personopplysningane frå 1920-talet og framover har bygdeboknemnda fått ved å dela ut spørjeskjema til husstandane. Dette arbeidet har medlemer av Voss sogelag vore med på. Nemnda har også fått hjelp både til innsamling av personopplysingar og korrekturlesing utanfrå.

I føreordet til band I er det elles lista opp ei mengd skriftlege og digitale kjelder som nemnda og redaktøren nyttar i arbeidet.

Foto og namnebruk

På 50- og 60-talet flaug Widerøe og seinare Fjellanger-Widerøe landet rundt og tok flyfoto over gardar og grender. Desse fotoa fekk Voss kommune, som overdrog dei til Voss folkemuseum, tilgang til. Redaktøren har, saman med nemndmedlemene Helleve og Dugstad, og med saman med Kjell Herheim, valt ut kva bilete som skulle nyttast i boka. Når det gjeld nyare foto, har Svein Ulvund stilt sitt enorme arkiv til disposisjon, slik at kvar gard har eit foto frå nyare tid i boka.

Skrivemåten på gards- og slektsnamn er ofte eit diskusjonstema, ikkje minst når det gjeld gardsnamna.

– Me nyttar oss i all hovudsak av Kartverket sin offisielle og godkjende skrivemåte når det gjeld gardsnamna. Men visse unnatak finst det. Kartverket opererer til dømes med namnet Bergslia, men der nyttar me Bergslii, slik at det vert samanfall med Røyrlii og andre tilsvarande namn. Elles har me også tillate oss visse dialekttilnærmingar i tekstane i boka. Me meiner det er rett, seier Ohnstad.

FAMILIETREFF PÅ TRAPPA
FAMILIETREFF PÅ TRAPPA: Torstein Rekve (t.v.), systera Kirsti og hennar ektemann Halle Vinsand. Kvinna bak i biletet er truleg mor til Torstein og Kristi. Foto: Lånt ut av Torstein Arnøy Rekve

Lansering

At band I av Bygdeboka er ferdig, er ei storhending. Laurdag vert det derfor lansering med brask og bram i foajeen på Gamlekinoen. Der vert også boka seld. Same dagen opnar også bokhandlane salet av dette fyrste bandet.

Når det fyrste bandet no er ute, vert ikkje Ohnstad og nemnda gjerandslause. Arbeidet med band to er godt i gang, Ohnstad meiner kring ein tredel av stoffet alt er ferdigskrive. Han meiner band II skal vera klar til utgjeving i løpet av fyrste halvår 2019.

– Vidare har eg ikkje sett, ettersom eg har ein kontrakt som går på tre år – med to år før utgjeving av band I og så eitt år til utgjeving av band II.

– Bygdeboknemnda er særs godt nøgde med arbeidet Ohnstad har gjort, seier Helleve. Som utan å forskotera noko, meir enn hintar til at Ohnstad nok også er fyrstevalet på redaktørkrakken for dei komande banda.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.