annonse

Grugler seg til intimkonsert

TETT PÅ
TETT PÅ: Laurdag føremiddag er det Einar Mjølsnes sin tur til å halda solokonsert i stova på Sævelid. (Foto: Ørjan Brattetveit)

– Uff, eg kvir meg noko veldig! ... Men eg gler meg litt òg.

Nils Kvamsdal

Einar Mjølsnes har gått litt rundt seg sjølv siste tida. Tanken på konserten han skal ha i Sævelid i morgon føremiddag er skremmande.

– Nei, du kan vera heilt trygg på at det ikkje akkurat vert betre med åra! slår Einar fast med overtyding i røysta.

Ikkje akkurat frampå

Når programmet til Osafestivalen omtalar Einar Mjølsnes med at han ikkje er den spelemannen som stikk seg fram i tide og utide, men at han er vel verd å lytta til når høvet byr seg, er det ein god og presis observasjon. Det er mange år sidan ein av våre mest allsidige og omtykte spelemenn deltok på kappleikar av noko slag.

– Det er rett og slett fordi eg har kappleiksskrekk. Ja, eg har eigentleg festivalskrekk òg, når eg tenkjer meg om.

Einar likar seg best i samanhengar der han er ein av mange. Underteikna har snakka med andre musikarar som omtalar Mjølsnes som eit geni når det gjeld å fanga opp stemningar og små detaljar i samspelsituasjonar. Han har tilpassingsevne som ein kameleon og kan leikande lett gli inn i kva musikksjanger det skal vera.

Frå øvste hylla

Trass i den indre motstanden, må Einar vedgå at det er stas å verta spurd om å halda ein solokonsert på Osafestivalen, og på ein så spesiell stad som Sævelid. I Osa-heimen ligg musikkhistoria så tjukk at ho nesten renn nedetter veggene.

– Eg kjem til å spela slåttar eg har spelt mykje, slåttar som har hatt mykje å seia for meg. Eg har plukka frå mine øvste hyller, kan du seia. Derfor vert det ikkje noko spesielt tema eller ein raud tråd i konserten. Nokre av slåttane er godt kjende, andre ikkje. Eg har sansen for musikk som skapar stemningar, og eg trur eg kan lova ein variert konsert i så måte.

Litt prat

Sjølv om han likar best å lata fela ta seg av kommunikasjonen, er Einar budd på at det også må verta litt snakking mellom slåttane.

– Eg er ikkje komen så langt at eg har spikra det som skal seiast, og det vert nok ikkje akkurat noko føredrag. Men litt prat vert det vel mellom slåttane, seier Einar. Som lovar dei som hugsar minst 45 år attende ein godbit han ikkje godt kan lata vera å spela. Kva det måtte vera, får dei som greier å trengja seg inn i Sævelid i morgon føremiddag høyra.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.