annonse

Har musikar, søkjer stove

PÅ KLAVIATURJAKT
PÅ KLAVIATURJAKT: Vossa Jazz sitt eige B3 hammondorgel får duga når festivalleiinga Kari Trana (fremst) og Trude Storheim set i gang jakta på møblerte heimar – med piano. (Foto: Nils Kvamsdal)

Ordet intimkonsert kan få ei heilt ny meining, for i år kan du få ein Vossa Jazz-konsert i di eiga stove.

Nils Kvamsdal

Er du innehavar av eit piano og eigar av ein open og fordomsfri heim, kan du vera den rette til å hysa Vossa Jazz sin fyrste Heimehjå-konsert. Du må berre vera flinkare enn alle andre til å forklara kvifor du gjerne vil opna heimen din for ein musikar og festivalpublikummet og kvifor akkurat du fortener ein slik konsert meir enn alle andre.

– Er søknaden god nok, kan me til og med sjå bort frå kravet om piano! seier festivalleiar Trude Storheim.

Frittgåande danske

I år gjer Vossa Jazz kunststykket å utvida festivalen, utan å utvida rammene. Det vert rett og slett fleire musikalske treffpunkt med nokre av dei musikarane som alt er på festivalen.

Den danske trommeslagaren Kresten Osgood skal gå som lauskar under det meste av festivalen. Og ein eller annan gong på dagtid laurdag dukkar han altså opp heime hjå nokon – med eit knippe ivrige publikummarar i hælane.

– Det skal godt gjerast å få ein trivelegare musikar som gjest. Kresten er blid og positiv heile tida. I utgangspunktet er han trommeslagar, men Kresten er multiinstrumentalist som spelar både piano og andre instrument, seier festivalleiaren.

Alt kan skje

Det einaste som er sikkert på ein Kresten Osgood-konsert er at ingen anar kva som kan koma til å skje.

– I utgangspunktet er det Kresten som kjem på heimebesøk, men om han har nokon med seg, har me ikkje peiling på. Heller ikkje kva han kjem til å finna på av musikalske krumspring. Eigentleg er det logistikken eg fryktar mest, for Kresten er ein av to artistar på festivalen som ikkje har mobiltelefon. Den andre er Jan Erik Vold.

Søk

Piano eller ikkje, har du lyst til å ha ein heimekonsert midt på Vossa Jazz-laurdagen. må du senda ein søknad til Vossa Jazz.

– Du kan søkja på Facebook-sida vår, eller du kan senda ein e-post til meg på trude@vossajazz.no.

Du treng ikkje bu på Vangen for å søkja. Lagar du ein søknad festivalleiaren fell for, er lukka gjort. Då løyser festivalen transport til og frå både for musikar og publikum.

Dei som opnar stovedøra si kan rekna med ein halvtimes konsert, og kanskje vert dette eitt av dei store høgdepunkta på årets festival?

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.