annonse

Hardangerpremiere på Nordvegen

KLARE FOR KONSERT
KLARE FOR KONSERT: Ivar Bjørnson (til v.) og Einar Selvik speler konsert på Hotel Ullensvang. (Foto: Thor Brødreskift)

Konsertserien Nordvegen er eit nyskapande verk som tek opp i seg historia på kysten.

Nils Kvamsdal

Musikarane Ivar Bjørnson og Einar Selvik har skrive ei hyllest til kystkulturen og den norrøne soga.

Konsertserien startar på Hotel Ullensvang i dag, torsdag.

Deretter fylgjer turneen leia via Bekkjarvik, Os og Moster Amfi, før det heile endar opp som eit førespel til tingingsverket Skuggsjá, laga til Festspillene i Bergen, og med urframføring onsdag 31. mai.

Nordvegen er ein konsert som endrar seg frå hamn til hamn, fordi han tek opp i seg kvar stad si eineståande historie og brukar lokale krefter.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.