annonse

Helge’n sjarmerte alle

POLAREN HELGE
POLAREN HELGE: Helge Jordal og Valerina Fortes Orkester, med Gunnar Emmerhoff (t.v.), Cato Eikeland, Roy Inge Holtet og Johannes D. Maaseide (bak pianoet) tok eldrejazzarane med storm. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)

– Vi setter opp itt program når vi har sett litt på publikum, så vi lurte på ka vi sku’ spelle te’ dokker!

Nils Kvamsdal

Mange artistar slit med kjemien mellom sal og scene. For Helge Jordal er kontakten der frå fyrste sekund.

Sleivete, ærleg, godhjarta og spontan klemmer han publikum inntil seg med sin herlege tjuagutt-sjarm. I tillegg har han ei intens formidlingsevne som går utanpå dei fleste. Helge er tekstane han syng, han lever i dei og med dei.

Vreeswijk

Ikkje uventa var det mange fleire enn dei som med fødselsattesten i handa kan kalla seg alderspensjonistar som ville ha med seg Helge och Polarna på Eldrejazzen. Velferdssentralen laut ta begge stovene i bruk for å røma dei som hadde kome for å høyra viser me har høyrt tallause gonger, kan minst refrenget på og nynnar med på når ein av radiokanalane får det føre seg at no kan det vera tid for ei vise eller to. Det skjer ikkje ofte.

Den holland-svenske trubaduren Cornelis Vreeswijk tok ein stor del av programmet. Helge og sjarmerande Valerina Fortes Orkester gjer visene til sine. Dei starta med Vreeswijk sitt beiske oppgjer med det svenske sosialvesenet i songen om Polaren Pär, før det bar vidare i den smektande kjærleikssoga om Fredrik Åkare og Cecilia Lind.

– Vreeswijk stjal! sa Helge og forklarte påstanden med at Vreeswijk hadde knabba tonen til den vakre Grimasch om morgonen frå ein salme.

Andre viser frå trubaduren Cornelis var Somliga går med trasiga skor, Veronica og Dekadans, den siste sungen av Johannes Drabløs Maaseide i bandet.

Meir svensk

Om Vreeswijk var den store svenske visekunstnaren i førre hundreåret, er 1700-talet sin Carl Michael Bellmann på mange måtar heile den nordiske visetradisjonen sin far. Helge och Polarna gjorde ein fantastisk sterk og varm versjon av Bellmann sin Fredmanns Epistel no 81; Märk hur vår skugga.

Jordal er ikkje berre ein stor formidlar, men òg ein dyktig gjendiktar. Det gav han døme på i Fred Åkerström si aldeles nydelege kjærleiksvise Jag Ger Dig Min Morgon – som på Helge-vis heiter Eg gir deg min morgen.

– Evert Taube har òg stjålle! utbasunerte Helge. Denne gongen galdt det tonen til Byssanlull, som eigentleg er det som på folkemusikk- og rootsspråket heiter ein trad, men som Taube har gjort til ein usliteleg klassikar.

Norsk

Nok svensk, Helge och Polarna runda av timen i Velferdssentralen på norsk.

Ottoen var ein kjend og kjær figur i Bergen, der han tvikrokete og sakte tok seg fram med sykkelen sin, eller sat på gata med munnspelet sitt og med duene rundt seg. I gravferda til Ottoen song Hele Jordal ei hylling han ein gong hadde fått av Johannes Kleppevik, og som Fred Ove Reksten laga melodi til. Varmt og sterkt.

Bodøværingen Terje Nilsen går det år og dag mellom kvar gong me høyrer noko til. Men på albumet Nilsen gav ut sist sommar, bad han venen Helge syngja En veldig heldig mann – med ein tekst som set sytarane mellom oss i skammekroken.

Skikkeleg nostalgi vart det over avslutningsnummeret; Gamle dampen. Då ljoma allsongen, og Helge’n kunne med ein smil konstatera at han hadde kome til sine eigne – og at dei kjende han. Det vanka skulderklapp og godord hjå mange, før bergensarane hasta vidare til sin tredje konsert på om lag like mange timar: fyrst sjukeheimen, så Velferdssentralen, før Vetleflaten runda det heile av.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.