Hundre vossingar i dansk premiere

I morgon ettermiddag kan vossingane strøyma til kinoen for å sjå seg sjølv eller naboen på filmlerret.

Publisert 17.02.2017 kl. 15.14. Oppdatert kl. 09.29.

Det er Vossa- og noregspremiere på den danske Far til fire-filmen som vart spelt inn her i traktene sist haust. Raftarar, fallskjermhopparar, bønder, skuleelevar, store og små - det kryr av vossingar i filmen Far til fire - på toppen.

Og filmen går berre denne eine dagen på norske kinoar - i alle fall i denne omgang. Så her må ein gripa sjansen.

Ein av dei aller yngste vossingane som er med i filmen er Emil Skorve Paulsen. Han var ikkje meir enn fem og eit halvt år under innspelinga. Likevel fekk han rolla som stuntmann! Det var fordi den danske småkaren som spelte Lille Per ikkje var heilt fortruleg med norske bratte bakkar. Dermed måtte Emil trø til og susa ned svingane frå Vikafjellet mot Holo på sparkesykkel.

Det er ikkje berre Voss, men vossingane òg, som er bygd for sterke opplevingar!

DANSK FAMILIEFILM: Filmen «Far til fire» vart spela inn i fjor haust, og store delar av handlinga finn stad på Voss. FOTO: Vidar Herre


STUNTMANN: Fleire vossingar figurerar i filmen, mellom anna Emil Skorve Paulsen (5) som er stuntmann for den eine hovudrolleinnehavaren.