SONG: Sigrid Dagestad Rekve hadde teke turen til Voss heilt frå Kristiansand, der ho utdannar seg, for å syngja solo under konserten.

Imponerte og sjarmerte publikum

Voss Skulemusikklag sin jubileumskonsert sundag vart ein fornøyeleg affære.

Publisert 20.03.2017 kl. 15.59.

På scena var musikantar i alderen 9 til 18 år, under leiing av dirigent Asbjørn Nymark Haukeland. Leiar for Voss Skulemusikklag, Ingunn Vethe, fungerte som kveldens konferansier.

- Det er stas å vera jubilant! Denne 70-åringen er frisk, oppegåande og har evne til forandring, sa ho.

SAMAN: Anna Hole Baartvedt, Magnus Røhnebæk Sørensen, Asbjørn Nymark Haukeland, Lene Bye Nesheim og Vilde Haukås Fosse.

Unikt samhald

I salen sat fleire gamle medlemmer av musikklaget, der nokre av dei var med då laget vart starta.

- Me set stor pris på alle som sit i salen, det er rørande at me har med oss gamle medlemmer. Tanken om skulemusikk er framleis levande, 70 år etter starten. Samhaldet er heilt unikt, sa Vethe rørt frå scena.

Brynjulv Kvamme tok turen opp på scena for å koma med ei helsing. Han var med i laget frå 1948, då Voss Skulemusikklag var Gutemusikken.

- Eg vil takka for fellesskapet som eg var ein del av, og for dei gilde stundene. Me vart veldig godt sveisa saman, sa han.

SAKSOFON: Johannes Istad Lirhus briljerte på saksofon under konserten. Her saman med Tonje Haukås Fosse på trombone.

Stort songtalent

Konserten starta med irske «Lord of the dance», føre drilltroppen var med då songen «King Size» vart framført. Sigrid Dagestad Rekve hadde teke turen frå Kristiansand, der ho tek utdanning, for å syngja på konserten. Ho var solist på «Månemannen» og «Gabriellas song» frå filmen «Så som i himmelen», og det er heilt klart at Dagestad Rekve kan skilta med eit utruleg songtalent. Vilde Haukås Fosse (13) spelte også solo, då ho saman med musikklaget gjorde ein vakker versjon av «Vidda», signert Ole Edvard Antonsen og Atle Halstensen. Etterpå gav Voss Sparebank ved styremedlem Trude Storheim ein sjekk på 40.000 kroner til musikklaget, som ei av deira allmennyttige gåver.

PÅ KONSERT: Elisabeth Bø (til v.) og Madli Vethe Harbun var mellom dei som spelte i Gamlekinoen. Oda Margrete Aarland i bakgrunnen.

Flink drilltropp

Songar som «Spania», der aspirantane fekk prøva seg, og «Kongolela» stod også på programmet.

- Det er aspirantane og junior som imponerer og sjarmerer oss aller mest. Alle som har prøvd å læra seg eit instrument, veit at det tek tid, sa Vethe.

Etter ein liten pause hadde drilltroppen på elleve jenter eit eige innslag med musikk og drilling. Troppen vart starta tilbake i 1975, og det er primus motor Bodil Jansen som er instruktør.

- Ved starten, på 70-talet, danna dei fortroppen på 17. mai-toga. No held dei egne show. Det krev ein solid heim når desse skal øva, fortalde Vethe til latter frå salen.


Bursdagssong

Vidare spelte skulemusikklaget «A klezmer Karnival», ein song bygd på jødiske festdansar. Saman med drilltroppen og junior var laget innom «Parade of the Wooden soldier», «Promotion» og «Soul bossa nova». Julie Røssland spelte solo på «Klarinett polka», og før det fekk heile salen høyra nymotens tonar med «Elektrisk» frå popduoen Marcus og Martinus. Konserten vart sjølvsagt avslutta med «Congratulations», pluss ein bonussong heilt til slutt.

- Det vert jo ikkje skikkeleg bursdag utan bursdagssong! sa leiaren for Voss Skulemusikklag.

Omkring 300 vitja jubileumskonserten sundag ettermiddag.