JURYMEDLEM: Jo Asgeir Lie, rektor ved Ole Bull Akademiet, skal sitja i juryen for Drømmestipendet. Arkivfoto: Knut Markhus.

Jo Asgeir Lie i Drømmestipend-juryen

Vossingen Jo Asgeir Lie skal sitja i juryen for Drømmestipendet.

Publisert 12.02.2017 kl. 11.18.

Drømmestipendet - hundre stipend på 10.000 kroner kvar - er eit samarbeid mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk tipping.

Stipend vert delte ut til unge talent i kategoriane Dans, Musikk, Skapande skriving, Visuell kunst, Sirkus, Teater, Anna og Draum. Juryane er no klare, og Ole Bull Akademiet sin rektor Jo Asgeir Lie er plukka ut til å sitja i musikkjuryen. Søkjarar må vera fødde tidlegast i 1997 og seinast i 2004.