annonse

Klart for kunstig snø i kulturhuset

KONG VINTER
KONG VINTER: Spennande vitskapsteater for born i biblioteket i dag. (Foto: Fnugg Teater)

I ettermiddag kan du oppleva haustens fyrste snøfall, inne i biblioteket!

Nils Kvamsdal

Kvar haust spør me oss sjølve og kvarandre; vert det mykje snø i vinter? Og for kvart år synest det som om svaret vert meir og meir usikkert.

Fnugg Teater vann for to år sidan gull under NM i Vitenshow på vitensenteret VilVite med teaterframsyninga Frida og professor Vinter. Denne barneteaterframsyninga fortel på ein spennande og tankevekkjande måte historia om 10 år gamle Frida som aldri har sett snø.

Ho bur i Bergen, året er 2050 og Frida tykkjer det er frykteleg urettvist at ho aldri har sett dette merkelege kvite som skal koma dalande ned frå himmelen og som vaksne folk fortel om. Dette må det gjerast noko med!

Frida oppsøkjer den merkelege og nokså spesielle Professor Vinter, og då tek spennande ting til å henda. Kanskje får Frida oppfylt draumen sin, og kanskje får ungane på Voss også oppleva snø som dalar ned – innandørs?

Ein av dei viktigaste grunnane til at Fnugg Teater vann prisen for denne framsyninga var i fylgje juryleiar Siri Breistein «aktualitet og tydeleg bodskap inn mot klimaproblematikken me møter i dag».

Arrangementet er støtta av Nasjonalbiblioteket. Det er eit arrangement i prosjektet Mennesket i naturen – Naturen i mennesket, som Voss bibliotek samarbeider med Hardangerbiblioteka om. Framsyninga er gratis og høver for born over seks år.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.