annonse

Kunstgrasbane og aktivitetsanlegg toppar tilråding for spelemidlar

SØKJER SPELEMIDLAR
SØKJER SPELEMIDLAR: Største enkeltsøknaden er Voss kommune sin søknad på 21 millionar til konkurransebassenget i Vossabadet. Biletet er brukt for å illustrera saka. (Foto: Siri Flatlandsmo/Arkiv)

Milliontunge søknader om spelemidlar kjem langt nede på kommunen si prioriterings­liste for 2018.

Nils Kvamsdal

Torsdag skal Utval for miljø og kultur handsama lista over søknader om spelemidlar i 2018.

Vel utvalet å fylgja administrasjonen si tilråding, hamnar Voss Fotball AS sin søknad om ein million kroner til kunstgrasbane i Prestegardsmoen i toppen av lista for ordinære anlegg, medan Vangen skule sitt aktivitetsanlegg, der kommunen sjølv er søkjar, toppar lista for nærmiljøanlegg – med sin søknad på 163.000 kroner.

Vossabadet størst

Største enkeltsøknaden er Voss kommune sin søknad på 21 millionar til konkurransebassenget i Vossabadet, men den søknaden kjem heilt nede på 13. plass – før fire andre søknader på til saman 12,4 millionar til Vossabadet,

Også fylkeskommunen sine søknader om spelemidlar til idrettshallane ved Nye Voss vidaregåande og Nye Voss gymnas – på til saman 20 millionar – hamna ned på prioriteringslista for ordinære anlegg. Voss Golfbaner AS sin søknad på 306.000 kroner til klubbhus ved Voss golf- og aktivitetspark, og Eldar IL sin søknad på 2 238 000 kroner til kunstgrasbane på Sundve idrettsplass er sett på høvesvis andre- og tredjeplass på prioriteringslista.

17 søknader

Av totalt fem søknader til nærmiljøanlegg, er ballbane i Nye Lundhaugen barnehage sett på andreplass (300 000), Voss aktivitetspark sin pumptrack (300 000) på tredjeplass, og Eldar IL sin ballbinge på Sundve (179 000) på fjerdeplass, Den einaste nye søknaden på lista, akebakke ved Klausabakken barnehage (300 000) kjem på femte og siste plass.

Totalt kom det inn 17 søknader for ordinære anlegg og sju for nærmiljøanlegg, med ein samla søknadssum på 61,86 millionar kroner. Dette er ein nedgang frå 2017, då svært mange søknader frå Voss vart tildelt midlar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.