annonse

Kvardagsmat med spennande vriar

KVARDAGSMAT
KVARDAGSMAT: Digg med Anders Totland. (Foto: Bokomslag)

Treng du råd for å gjera kvardagen til fest, er Voss bibliotek staden i kveld.

Nils Kvamsdal

Anders Totland vart ikkje stjernekokk, slik planen var. I staden har han laga ei inspirerande kokebok, saman med fotografkompis Marius Knutsen.

I kveld skal han fortelja om kokeboka Digg og om rettane du finn der. Av ingrediensar du finn i kvar einaste matbutikk landet rundt, har Totland skapt festmåltid av heilt kvardagslege utgangspunkt. Her er forrettar og supper, middagar og dessertar. Og av det som vert til overs, har Totland laga eigne restemat-tips.

For å setja ein spiss på oppskriftene, har Totland sett til sine heilt eigne krydder.

Det beste med rettane i Digg er at alle kan laga dei, og at dei mest matleie av oss kan finna inspirasjon til å gje kvardagsmiddagen eit lyft.

Kokeboka Digg er gjeven ut på Skald forlag.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.