annonse

Kvitanesen ror igjen

HARDANGER-TOKT
HARDANGER-TOKT: Torbjørn Ljones og sonen Andreas er klare for Hardanger-tur. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Torbjørn Ljones, eller Kvitanesen som mange kjenner han, legg snart ut på sjøen att.

  • Redaksjon@avisa-hordaland.no

Kvitanesen fortel, og sonen Andreas spelar. I år vert fjerde sesongen på fjorden.

– I år varmar me opp i Ulvik før konserten i Kvemmadokkje med Åse Kleveland med band laurdag 14. juli. Så ror me utover til Strandebarm onsdag 18. juli og besøkjer Kinck-tunet til Johan Storm Munch.

Vonar på sol og varme

Turen går over fjorden og rundt neset til grendahuset på Jåstad kvelden etter.

– Til slutt ror me sjølvsagt innom Ringøy på fredag, og landar hjå Toralv Mikkelsen der me alltid er velkomne, seier Kvitanesen.

På turen har dei med seg litt av kvart.

– Me vonar på sol og varme. Me har med oss litt flytande eple, bøker, feler og fløyter, opplyser Kvitanesen som ynskjer alle velkomne.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.